Benjamin Boujar klar for Hødd

Keeperen kjem på lån ut sesongen frå IK Start

Benjamin Boujar (24) er klar for Hødd, han har signert kontrakt ut 2018 og kjem på lån frå Start. Klubbane vart i går einige om betingelsane og Benjamin kom til Ulsteinvik i dag tidleg for medisinsk sjekk og signering. 

-Med utgangspunkt i Jan-Lennart sin skade og at Jonas skal flytte for å studere frå hausten, har vi vore på søk etter ein ny keeper inn i A-troppa, seier sportssjef Andrè Nevstad. Han legger til at klubben har to spennande junior-keepere i Joakim Ulstein og Isak Endal, men begge treng litt meir tid på seg før dei er klar for 2.divisjonsspel. 

Boujar kom til Start i før 2017 sesongen, og har tidlegare spelt for Vindbjart og Vigør. Han har 7 A-kampar for Start og 16 kampar for Start2.

-Benjamin er ein offensiv keepertype, sterk fysisk, reaksjonssterk, trygg med beina og ekstremt dedikert for den jobben som må leggast ned kvar einaste dag for å utvikle seg vidare. Vi trur han raskt vil kome inn i gruppa og bidra på ein positiv måte, og vi ønskjer han velkomen til Hødd, avsluttar Nevstad. 

Benjamin sjøl ser fram til å ta fatt på ei ny utfordring i ein ny klubb. 

-Eg har høyrt veldig mykje bra om Hødd, og lot meg imponere når klubben vart cupmeister i 2012. Mange spelarar har utvikla seg i Hødd og gått vidare til klubbar i Eliteserien og slått til vidare der, tenker på Helland, Diomande, Nyland, Aursnes, Ulland, Kallevåg med fleire. Ellers er det gode fasiliteter her med ny flott stadion og alt ligg godt til rette. 

-Det skal blir veldig kjekt å kome i gang med denne gjengen, eg har fått eit godt inntrykk av folka rundt her, og skal bidra med alt eg kan slik at vi klare å nå målsettinga, som betyr OBOS-liga i 2019, gliser den blide sørlendingen. 

Annonse: