Bendik Torset flyttar til Bergen

Takk for innsatsen i Hødd, Bendik Torset!

Sportssjef André Nevstad seier dette:

«Bendik Torset har vore i A-stallen til Hødd sidan 2008, og har opplevd mykje i Hødd-drakta. Opprykk i 2010 og cupfinale-siger i 2012 er nok dei største hendingane for løpsmaskina frå Larsnes. Bendik vel no å flytte til Bergen der kjærasten bur, og der han kan halde fram med studiane. Ein meir profesjonell fotballspelar skal ein leite lenge etter, han har satt ein standard i treningsarbeidet som mange har å lære av. Bendik står med 263 kampar i Hødd-drakta. Vi set stor pris på innsatsen Bendik har lagt ned i den blå drakta og ønskjer han lykke til vidare, seier Nevstad»

Det vil også kome eit intervju med Bendik løpet av helga. Følg derfor med på www.hodd.no.

Annonse: