BANENE BLIR OPNA FOR VOKSENSTYRT AKTIVITET

Norges Fotballforbund har utarbeidt koronavettregler for fotballen i tråd med anbefalingane frå Helsedirektoratet.

Det betyr at vi opnar banene på Høddvoll for uorganisert aktivitet frå 06.04.2020. Til orientering gjeld dette Høddvoll og kgb. Ulsmohallen og grasbana vil fortsatt vere stengt for aktivitet i perioden framover. 

Forutsetninga for å drive aktivitet er at smittevernreglane blir overheldt. Her har vi alle eit ansvar for å sikre at dette skjer innanfor regelverket.

Les meir om Fotballforbundets koronavettregler her!
 

Retningslinjene tek utgangspunkt i gjeldande smittevernfaglige vedtak og anbefalingar, herunder fellesidrettslige anbefalingar frå Norges idrettsforbund.

Retningslinjer i Hødd:
•    11ar banene kan delast i maks 4-6 soner. Dette for å sikre at det er god plass til å drive aktivitet.
•    Det skal alltid vere ein vaksen til stades for å sikre at retningslinjene blir følgt til ei kvar tid. Dvs. 4 spelarar + ein vaksen i ei sone.
•    Det skal alltid vere to meter avstand eller meir mellom spelarane. 
•    Utstyrsrommet blir ikkje opna for tilgang til ballar, kjegler osv. Her må kvar enkel ta med eige utstyr til trening. 
•    Klubbhus og garderobar blir fortsatt stengt. Vi oppmoda derfor om god handhygiene både før og etter trening. I tillegg oppmoda vi om å ha med antibac i treningsbagen. 
•    Det er ikkje tillat å ta på ballen med hendene eller heade den. 
•    Det er ikkje tillat med aktivitetar der spelarane kjempar om ballen eller på nokon måte er i fysisk nærkontakt med kvarandre.
•    Det presiserast særskilt at personar som ikkje kan delta i, eller fysisk tilrettelegge for aktivitetar på banen, kan ikkje ha symptomer på luftveisinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsatt allmenntilstand.

Vi ber om at retningslinjene frå NFF, Helsedirektoratet og Hødd blir følgt det til ei kvar tid. Ved brot på desse retningslinjene kan anlegget bli stengt for aktivitet igjen.

God trening!

Hødd Fotball
 

Annonse: