Bam Hide og Håkon Brautaset i A-stallen

I tillegg blir Gustav Dimmen mykje med A-laget i haust

Håkon (f.98) fikk eit trøyttheitsbrot i foten like før sereistart, noko som sette han ut av spel i store delar av vårsesongen. Han har gjennom heile skadeperioden jobba hardt og målbevisst for å kome tilbake etter skaden, og fikk med seg dei siste kampane for Hødd2 før sommarferien. Han blir ein del av A-stallen i haust og vi håper Håkon tek nye steg i utviklinga i tida framover. 

Bam (f.99) som er nyutnevnt kaptein for Hødd2 har trena fast med A-laget sidan i sommar, og han har gjort sine saker veldig bra. Bam har hatt ei fin utvikling gjennom vinteren og våren og vore blant Hødd2 sine aller beste spelarar så langt i sesongen. Han var også med i A-laget si kamptropp i heimekampen mot Nardo, og blir no fast medlem i A-stallen. 

Gustav (f.00) fikk ei litt vanskeleg oppkøyring i vinter på grunn av ein skade, men har no vore skadefri ei god periode. Den hurtige angrepsspelaren vil i tida framover få tett oppfølging i forhold til belastning både i trening og kamp. Gustav kjem til å trene mykje med A-laget, men skal også ha nokre av øktene sine med rekruttlaget fram til han er 100% fit.

Sportssjef Andrè Nevstad uttalar følgjande;

- Bam har hatt ei veldig god utvikling, han har prestert godt i kampane gjennom heile vårsesongen og han har vore god på trening. Han har spennande ferdigheiter med ball, flink å skape ubalanse, men er også god i gjenvinningsfasa. Håkon fikk seriedebuten sin på A-laget i fjor haust i ein kamp han vart matchvinnar, og var nær ein plass i A-stallen før han fikk skaden rett før seriestart. Håkon har jobba hardt og målbevisst for å kome tilbake og fortjener å få sjansen i A-stallen no i haust. Han kan spele både spiss og venstre kant/vingback. Gustav er ein spelar med sin spisskompetanse i forhold til hurtigheit og fysikk, han er uredd og tøff i stilen, noko som også har resultert i nokre skadar. Gustav skal i tida framover styrast i forhold til både mengde og intensitet og blir med både på A-laget og rekrutt i den komande perioden.

- Det er veldig kjekt at vi har spelarar frå rekruttlaget som banka på A-lagsdøra, konkurransen er tøff - og slik skal det vere, men med hardt og målbevisst arbeid over tid blir det også utvikling som gir muligheiter og utfordringar på eit nytt nivå. Ingenting kjem av seg sjøl, det å bli ein toppspelar krev både tålmod og ein sterk indre drive. Vi har sidan 2016 tatt opp heile ni spelarar frå rekruttstallen, noko som fortel at det gror godt i rekkene og at det vert gjort eit godt arbeid i utviklingsarbeidet i Hødd, avsluttar Nevstad. 

Annonse: