Ballen er rund

Les den rykande ferske trenarkommentar til Sindre Eid i forkant av cupkampen mellom Hødd og Molde Fk.

Då er vi klare for ny kamp!

Velkomne til Molde Fk og Fredrik. Som forventa fekk vi heimekamp i 2. runde. Vår gode nabo Molde Fk kjem til Høddvoll for å kjempe om billett til 3. runde.

Sist vi stod side om side i obligatorisk kamp var i 2013. Då vant Molde etter straffekonk der Ørjan vart den store helten for Molde Fk. Året før hugsar vi alle med glede.

Tom, "ballen er rund"
Tom, "ballen er rund"

Cupen handlar om dei store augeblikka og dei store opplevingane. I enkeltkampar mot Eliteserielag ligg det i vårt DNA og slå til og levere kampar på høgt nivå. Når vår kjære Tom skal tippe eit fotballresultat brukar han å seie at "ballen er rund". Kampen startar 0-0, 11 mot 11 og begge lag har same utgangspunkt sjølv om vi pr. i dag ligg to divisjonar under.

Vi i Hødd gir oss ikkje utan ein skikkelig kamp. Vi går for siger, vi går for 3. runde. Vi går all inn! 

God kamp!

Sindre Eid

Annonse: