Avsluttar sesongen mot KBK 2

Hødd 2 spelar årets siste seriekamp i NorskTipping-ligaen avd. 1 når Kristiansund BK 2 gjestar Høddvoll laurdag. Kampstart kl. 12.00!

Både Hødd 2 og Kristiansund BK 2 rykker ned frå årets NorskTipping-liga avd. 1 og spelar neste år i 4. divisjon. Hødd 2 har heva seg mykje i haust, men dessverre har ikkje laget klart å sanke nok poeng for halde seg i divisjonen. Men god læring og ein smak på nivået blir uansett viktig å ta med seg vidare når laget skal kjempe i toppen av neste års 4. divisjon.

Vi trur vi ser to lag som slepp seg lause laurdag og spelar ein kanonkamp på Høddvoll! 

*Tidlegare Hødd-spelar Elias Martin Flø spelar for KBK 2, men vil ikkje bli involvert i kampen mot Hødd 2. Elias pådro seg to gule og raudt kort i forrige kamp mot Ready. 

Det er stor interesse for Hødd sin bortekamp mot Nardo laurdag. Vi vil derfor vise kampen live på storskjerm frå kl. 13.00. Dvs. frå 2. omgangen i Hødd 2 kampen. 

Vi håper å sjå deg på Høddvoll laurdag!

Annonse: