Avslutning for damelaget og dame-rekrutt

Damelaget og dame-rekrutt feira seg sjølve fredag kveld og det vart utdelt fleire artige prisar.

Fredag kveld hadde Damelaget og dame-rekrutt avslutning på Høddvollhuset. Her vart det delt ut fleire prisar løpet av kvelden.

Årets sinnatagg, årets mål, årets toppskorar, årets spelar, årets solstråle , etc. 

Årets spelar: Andrine Nevstad
Toppskorar Damelaget: Anna Thunem
Toppskorar Dame-rekrutt: Ine Sleipnes

Sportssjef André Nevstad var også innom og sa nokre ord til Ole Per, samt gav han ei lita gåve/ bilete frå tida i Hødd som takk for innsatsen.

Jentene hadde også kjøpt ei Hødd-drakt med draktnr. 11 til Ole Per som alle i støtteapparatet og spelarar på Damelaget og dame-rekrutt signerte. 

Ein kjekke kveld med mange artige kåringar.

Kirsten: Ei fantastisk gruppe å jobbe med

Ein koselig kveld der jentene hadde laga programmet og det var mange flotte utdelingar av prisar. Ei fantastisk gruppe jobbe med og ikkje minst kjekke jenter, seier Kirsten. 

Vi takkar Damelaget og dame-rekrutt for sesongen og ser fram til nye kampar i 2018!

Annonse: