ÅRSBESTE MOT ALTA

Hødd presterte årsbeste i dagens kamp mot Alta og tok tre fortente poeng!

I forkant av kampen var det mange som var spente på oppgjeret mot formlaget Alta, men Hødd viste styrke, presterte årsbeste og vann full fortent 2-0 på Høddvoll! Ein solid prestasjon over heile linja av Hødd-laget. 

Bortsett frå ein liten glipp tidleg i første omgang der Alta kom til ein stor sjanse aleine med Ole Monrad, så hadde Hødd solid kontroll defensivt og produserte fleire sjansar offensivt som kunne resultert i mål i begge omgangane. Prestasjonane i dagens kamp er årsbeste av Hødd-laget!

Hødd tok leiinga i det 66 min etter skoring av Preben Sætre. Eit godt innlegg vart slått av Bendik Rise mot bakerste stolpe og Preben Sætre kunne sette ballen kontrollert i mål. 1-0 til Hødd!

Hødd hadde fleire gode sjansar etter dette og i det 86 minutt kunne spelarane juble for nok ei skoring. Jens Husebø slo ei fantastisk god og vekta pasning i bakrom til Robin Hjelmeseth. Sistnemnte gjorde ingen feil aleine med keeper og satte inn si tredje skoring på dei to siste kampane. 2-0 til Hødd!

Hødd kontrollerte kampen ut og kunne juble for nye 3 poeng.

Sjå høgdepunkta frå kampen her:


Annonse: