ÅRETS SISTE SERIEKAMP I 2. DIVISJON

Laurdag spelar Hødd damelag årets siste seriekamp i 2. divisjon borte mot Herd kl. 13.30!

Damelaget har hatt ein flott sesong i 2. divisjon etter opprykket i fjor og står med 15 poeng før siste serierunde skal spelast. Med det har laget sikra plassen med god margin. Laget var spådd heilt i botnen før sesongen, men laget har slått godt frå seg og kan planlegge spel i 2. divisjon også neste år. 

Vi kan også nemne at Hødd 2 har sikra seg opprykk til 3. divisjon tre runder før serieslutt og sesongen har derfor våre svært god totalt sett for damelaget med å etablere seg i 2. divisjon og opprykk til 3. divisjon med Hødd 2.

KVA VEIT VI OM HERD?

Herd var lenge med å kjempa om opprykket i vår, men er no plassert på ein 5. plass, plassen over Hødd. Når laga spelte mot kvarandre i vår tapte Hødd heile 1-6 på Høddvoll, men vi spår ein jamnare kamp når laga skal opp mot kvarandre igjen laurdag! 

Herd driv også godt på jente og damesida har hatt eit stabilt lag i 2. divisjon dei seinaste åra. I tillegg har dei eit lag i 3. divisjon som har gjort det svært godt i år. 

Herd sine siste 5 kampar:
24.08.2019 Molde - Herd 1-1
31.08.2019 Herd - Kil/Hemne 0-0
07.09.2019 Træff - Herd 0-1
22.09.2019 Nardo - Herd 0-3
28.09.2019 Sunnal - Herd 2-2
 

Herd har ikkje tapt ein kamp sidan 10. august når dei vart slått heile 7-0 av naborival Fortuna.

Lagets trenar André A. Gardshol seier dette i ein kort kommentar:

- Årets siste seriekamp i 2. divisjon mot eit sterkt Herd-lag ventar oss laurdag. Litt spesielt at sesongen er over snart, men vi håper å avslutte med ein god prestasjon og eit godt resultat. Vi har hatt god stigning i prestasjonen dei siste to seriekampane mot Kil/ Hemne og Træff sist. Vi har mykje å revansjere frå forrige møte med Herd då vi tapte på heimebane, men vi skal vere godt førebudde og skal klinke til frå start! Vi gler oss til kamp!! 

TROPP

Andrea Storøy Rødseth, Andrine Nevstad, Caroline Overvåg, Cecilia Bakke, Hannah Rekdal, Jenny Gjerde Sætre, Johanne Helvig, Kethleen L. Alstadsæter, Madelen Gustavsen, Martha Helvig Omdal, Oline Marø Sundgot, Ragnhild Ertesvåg, Silje Årsbog Bjåstad, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal.

Vi ønskjer Hødd damelag lykke til laurdagens bortekamp mot Herd!

Ta turen til AMFI Moa stadion laurdag. Kampstart kl. 13.30!

Annonse: