ÅRETS FØRSTE FELLESTRENING

Første fellestrening for laget er i gang komande måndag. Hovudtrenar Kevin Knappen deler sine tankar før gjengen samlast igjen på treningsfeltet.

Måndag skal laget samlast igjen etter ferien og skal gjennomføre si første fellestrening for året. Det har blitt jobba godt med spelarlogistikken etter fjorårets sesong og det er signert fleire nye spelarar som skal styrke laget i 2021. Det blir derfor spanande å sjå dei nye spelarane i aksjon under årets første fellestrening.

Vi har tatt oss ein prat med hovudtrenar Kevin Knappen før oppkøyringa er i gang måndag.

Korleis vil du summere opp fjorårets sesong?
- Vi hadde fin progresjon i den spesielle fjorårssesongen. Det defensive fundamentet kom fort på plass, men vi sleit offensivt i starten på sesongen. Men etter kvart som spelarar kom i form, så kom også dei offensive relasjonane oftare til syne. Då fekk vi gode resultat, noko som resulterte i 2. plass i serien, men tapte to kampar i sluttspelet og enda då på 3. plass når sluttspelet vart avbrote.
 
Kva tenker du laget kan ta med seg frå fjorårets sesong og bygge vidare på inn mot 2021-sesongen?
 - Vi tek med oss snuoperasjonane etter nokre svake kampar innleiingsvis. Vårt sterke kollektiv og offervilje skal vidareførast. Samtidig som vi skal bli enda råare i presset og overgangsspelet.
 
Det har blitt jobba godt i vinter og fleire spelarar har signert for Hødd. Kva kan du seie om desse spelarane og kva vil dei tilføre laget?
- Spelarar har forlete oss og nye har kome til som du seier. Vi er trygge på at vi heilt klart er forsterka, med tilvekst av spelarar med dokumentert nivå. I Økland får vi ein leiartype sentralt med gode allroundferdigheiter. Ein kraftspiss i Leine som vil gi oss ein ny dimensjon i front. Fart og gjennombrotskraft i kant/ spiss med Løken. Nersveen har fysikk og ferdigheiter som bekler stoppar, sentral og back. Benjaminsen er ein god back/ kant med bra blikk for spelet.
 
Første fellestrening med gjengen komande måndag. Det blir vel godt å kome i gang igjen med trening?
- Det er alltid godt å kome i gang, vi i trenarteamet gleda oss til å gå på jobb. Og det skal bli fint å møte gjengen, gamle som nye etter eit lengre avbrekk.
 
Kva ventar spelarane i oppkøyringa i år og kva vil fokuset vere gjennom vinteren?
- Dei kan forvente seg eit køyr i oppkøyringa, vi skal jobbe hardt vinteren gjennom for å stå best mogleg rusta til seriestart. Skal vi bli nr. 1, må vi jobbe deretter.
 

 

Annonse: