AAFK - HØDD 2-1

Kampreferat: Hødd gjennomførte ein god treningskamp borte mot AaFK søndag ettermiddag. Hødd tapte til slutt 2-1, men hang bra med første timen mot ein av opprykksfavorittane i OBOS-ligaen.

Laurdag sendte Hødd Fotball ut pressemeldinga om at Sander Håskjold Nyland vert Hødd sin nye hovudtrenar dei neste to åra. Han skreiv under på ein toårs-avtale. 

Les pressemeldinga her!

KAMPFAKTA

AaFK - Hødd 2-1 (1-1)
Mål: Bam Hide (16 min)
 

Søndag leia 25-åringen laget for første gang som offisiell hovudtrenar for Hødd i treningskampen mot AaFK. Heimelaget er tippa å kjempe om opprykk til Eliteserien og Hødd viste gode takter, spesielt den første timen!

1. OMGANG

AaFK kom best i gang og satte inn 1-0 etter skoring av islendingen Holmbert Fridjonsson etter 7 minutt. 

Kort tid etter kom utlikninga til Hødd når Bam Hide vart spelt fint i gjennom av Bendik Rise. Ei flott vekta pasning som Bam satte enkelt i mål.

Både AaFK og Hødd hadde sine sjansar etter dette, men ingen fleire mål vart skora før pause. 

Ein flott omgang av Hødd!

2. OMGANG

Heimelaget tok meir tak i kampen i andre omgang og produserte fleire sjansar offensivt enn det som var tilfellet i første omgang. 

Først etter 60 minutt kom 2-1 skoringa til AaFK. Nok ein gang var det Holmbert Fridjonsson som satte ballen i målet. Ein corner frå heimelaget vart slått inn i feltet og etter ein duell hamna ballen hos islendingen. Han gjorde ingen feil og satte inn 2-1 til AaFK. 

Ingen fleire skoringar kom etter dette og treningskampen enda derfor 2-1 til heimelaget AaFK.

KAMPOPPSUMMERING

Begge laga hadde kvar sin omgang der dei var best. Hødd viste gode takter i første omgang og satte heimelaget på fleire prøver. Eit innøvd og lurt cornertrekk, samt ei godt angrep gjorde at Hødd utlikna til 1-1 ved Bam Hide. 

Etter pause var det heimelaget AaFK som tok over kampen og produserte fleire gode sjansar, men kun den eine skoringa kom i mot i andre omgang og då enda treningskampen til slutt 2-1.

TRENARKOMMENTAR

"Vi presterer godt den første timen og synes det var mykje bra å ta med seg frå denne perioda. Den siste halvtimen får Aafk litt momentum, medan vi mistar litt trua og rytmen i spelet vårt. Det prega oss offensivt og defensivt. Men vi møter eit godt lag og tek med oss ein del positivt frå denne kampen!", seier Sander i ein kommentar. 

LAGET

Vegar Berntsen, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Daniel Eid, Eirik F Sauens, Bendik Rise, Bam Hide, Preben Sætre (Johannes Sundgot, 80 min), Robin Hjelmeseth (Håkon Brautaset, 72 min), Joachim Osvold. 

BENKEN

Ole Monrad Alme, Johannes Sundgot, Håkon Brautaset, Pijus Marcinkevicius, Bastian Rasmussen.

Annonse: