AAFK 2 I NESTE TRENINGSKAMP

Hødd tek i mot AaFK 2 til treningskamp på Høddvoll onsdag kl. 18.00!

Då er det klart for ny treningskamp for A-lag herrer når Hødd tek i mot AaFK 2 til kamp på Høddvoll onsdag.

AaFK har reist på treningsleir til Marbella med 23 spelarar og det er derfor venta at AaFK 2 vil stille med eit relativt ungt lag mot Hødd i morgondagens treningskamp.

Det blir open kiosk og speakerteneste.

Kampstart kl. 18.00!

TRENINGSKAMPAR HØDD

Molde - Hødd 3-1
Hødd - Spjelkavik 1-0
AaFK - Hødd 4-2
Hødd - Brattvåg 4-0
 

Hødd er godt i gong med oppkøyringa og det nærma seg seriestart med stormskritt! I førre treningskamp tok vi i mot divisjonskollega Brattvåg til kamp på Høddvoll og her feia Hødd bortelaget av bana, spesielt etter lagets prestasjon i andre omgang. 

Kampen var relativ jamne i førsteomgang der begge lag hadde sine målsjansar, men etter pause var det rett å slett stor forskjell på laga og Hødd vann til slutt fullt fortent 4-0 til slutt. Mykje godt spel og flotte mål!

Vi rekna med å sjå eit Hødd-lag som viser vidare progresjon i spelet sitt når AaFK 2 kjem på besøk onsdag.

Vi håpar du tek turen til Høddvoll onsdag å støttar dei blåkvite i treningskampen mot AaFK 2!

HEIA HØDD!

Annonse: