7. Serierunde: Hødd – Moss

Søndag kl. 16:00 kjem Moss på besøk til Høddvoll Stadion

Det er endeleg klart for ny kamp på Høddvoll etter at vi rauk ut av cupen mot Sogndal onsdag. Den gamle storheita Moss kjem på besøk og vi håpar at akkurat du tek turen og hjelp gutta til tre nye poeng!
 
Om Moss:
Moss Fotballklubb er ein fotballklubb som held til i Moss kommune, heilt nordvest i Østfold. Klubben rykka opp frå Norsk Tipping-ligaen avd 1 i 2017 med klar margin. Moss har eit cupgull frå 1983 og eit gull i Tippeligaen i 1987. Dei har også kvalifisert seg til Europacupen tre gongar, der dei møtte FC Magdeburg (i 1980), Bayern München (i 1984) og Real Madrid CF (i 1988)
 
Lagets siste fem kampar:
22.05.19: (NM) Moss – Kongsvinger 1-2
16.05.19: Moss – Kvik Halden 1-4
11.05.19: Arendal – Moss 3-0
05.05.19: Moss – Sola 2-0
01.05.19: (NM) Lyn – Moss 0-5
 
 
Tidlegare oppgjer:
Vi har hatt ein del oppgjer mot Moss i 1.divisjon som sikkert mange hugsar.
 
06.08.08: Hødd-Moss 1-5 1. Divisjon 2008
13.04.08: Moss-Hødd 2-2 1. Divisjon 2008
24.09.06: Hødd-Moss 2-1 1. Divisjon 2006
25.05.06: Moss-Hødd 4-1 1. Divisjon 2006
02.10.05: Moss-Hødd 2-1 1. Divisjon 2005
12.06.05: Hødd-Moss 1-1 1. Divisjon 2005
10.10.04: Moss-Hødd 1-2 1. Divisjon 2004
15.06.04: Hødd-Moss 1-0 1. Divisjon 2004
12.09.03: Moss-Hødd 2-1 1. Divisjon 2003
01.06.03: Hødd-Moss 2-2 1. Divisjon 2003                                                                   
21.09.97: Hødd-Moss 2-1 1. Divisjon 1997
15.06.97: Moss-Hødd 1-0 1. Divisjon 1997
19.09.93: Moss-Hødd 6-0 1. Divisjon 1993
27.06.93: Hødd-Moss 3-1 1. Divisjon 1993
 
Mai månad er ved vegs ende og vi har den tredje heimekampen på rad på litt over ei veke. Vi har ikkje fått dei resultata vi ønska oss dei siste vekene Sander, kva vert viktig for at vi får ballen til å rulle rett veg igjen?
 
- Vi har ikkje hatt dei resultata vi ønska i det siste, men prestasjonen mot Sogndal var positiv. Eg tenker vi skal bygge vidare på den, og jobbe vidare med prinsippa våre i angrep og i forsvar for å forbetre oss.
 
Kva kamp ser du føre deg søndag?
 
- Eg ser for meg ein kamp mellom to lag som ønsker å vere skapande og truande i angrepsspelet sitt – og som praktiserer eit framoverretta forsvarsspel. Det vert ein god kamp som vi gledar oss til!
 
TROPP
*Troppa blir lagt ut når den er klar!
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på billettkontoret før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.
Annonse: