6. serierunde: Hødd- Brattvåg

I morgon på fotballens nasjonaldag møter vi Brattvåg heime kl. 18:30! Kom på stadion og støtt dei blåkvite!

Det er duka for fotballfest på Høddvoll i morgon, 16.mai når Brattvåg kjem på besøk! Vi håpar på mykje folk og ein god fotballkamp.
Det er heldigvis klart for ein ny kamp etter braktapet i Stjørdal søndag. Vi nådde ikkje opp i den kampen, men heldigvis er samhaldet i gruppa god og gutta ser verkeleg fram til å vise seg frå si beste side i morgon!
 
Om Brattvåg
Brattvåg er som kjent frå Haram kommune og spelte i same avdeling som Hødd i 2018 etter å ha rykka opp frå Norsk-Tipping ligaen(3.div) i 2017. Dei enda på ein 8.plass i fjorårets sesongLaget har fått eit nytt trenarteam etter at Karl Oskar Fjørtoft og Rune Ulvestad takka for seg etter fjorårets sesong. Rene Skovdahl og Thomas Pedersen tok over etter sistnemnte i slutten av november 2018.
 
Brattvåg har hatt ein del utskiftingar frå i fjor:
 
Inn:
Sami Kamel (Hønefoss), Alexander Jonassen (Træff), Akseli Kalermo (VPS, Finland), Aleksandar Stankovic (Aarhus Fremad, Danmark), Kristian Strande (Egersund), Elias Mordal (Molde), Simen Hagbø (Molde, lån ut sesongen), Kristian Halvorsen (Herd), Emil Solnørdal (Rosenborg), Harmohan Singh (Fram)
Ut:
Scott Fellows (Herd), Mirza Mujcic (Lysekloster), Alan Hocevar, Daniel Stensøe (Spjelkavik), Torbjørn Grytten (KI Klaksvik, Færøyene), Brian Stangnes Kjeldsberg (Elverum), Henrik Reite Hansen (Spjelkavik), Eirik Høivik (Spjelkavik), Adnan Dudic (Velez Mostar, Bosnia)
 
Brattvåg ligg to plassar under oss på tabellen med 4 poeng etter fem kampar. Dei gikk vidare i NM etter ekstraomgangar mot Spjelkavik. Søndag tapte dei 0-2 heime mot Vidar.
 
Lagets siste fire kampar:
 
27.04.19: Sola – Brattvåg 2-1
01.05.19. (NM) Spjelkavik – Brattvåg 2-4 EEO
04.05.19. Stjørdals-Blink – Brattvåg 1-1
12.05.19. Brattvåg – Vidar 0-2
 
Innbyrdes oppgjer
 
I nyare tid (sidan 1999) har laga berre møttest to gongar i serien og to gongar i NM. I Serien var det i 2018, der vi vann 0-4 borte og tapte 0-1 på overtid heime.
 
16.09.18: Hødd – Brattvåg 0-1
26.05.18: Brattvåg – Hødd 0-4
27.04.16: Brattvåg – Hødd 1-0
17.04.13 Brattvåg – Hødd 1-4
 
Det er duka for lokaloppgjer på fotballens nasjonaldag i morgon Sander, kva er det du gler deg aller mest til i denne kampen?
 
- Eg gler meg aller mest til å spele kamp på Høddvoll igjen! Eit lokaloppgjer på heimebane 16 mai er noko vi gler oss veldig til!
 
Det vert forhåpentlegvis mykje folk på stadion i morgon, Blåsarane er spenna klare, russen har gratis inngang, Skodda (Brattvåg sin supportarklubb) kjem med mykje folk og det er meldt eit bra kampver! Kva har dei å sjå fram til i kampen i morgon?
 
- Det vert ein spennande og god fotballkamp mellom to lag som ønsker å vere offensive! Eg tenker at det er eit godt utgangspunkt i forkant av ein fotballkamp!
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på billettkontoret før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.
 
 
TROPP
*Troppa blir lagt ut når den er klar!
Annonse: