5. SERIERUNDE: STJØRDALS-BLINK BORTE

Søndag 12. Mai kl. 15:00 spelar A-laget borte mot serieleiar Stjørdals-Blink!

OM STJØRDALS-BLINK
Stjørdals-Blink har hatt ein strålande start så langt i sesongen med fire sigrar (ein i NM) og ein uavgjort førre kamp mot Brattvåg. Dei tronar øverst på tabellen med 10 poeng. Dei spelte i fjor i same avdeling som Hødd i 2.divisjon og enda på ein 11.plass.
 
Laget har hatt litt utskiftingar frå fjoråret:
 
Spelarar inn:
Jørgen Valleraunet (Ranheim junior), Iver Nordmeland Westerlund (Egen juniorstall), Fredrik Vinje (Ranheim, lån ut sesongen), Sivert Solli (Ranheim, lån ut sesongen), Jacob Tromsdal (Ranheim, lån ut sesongen), Ottar Huni Magnusson (Leiknir, Island), Mats Lillebo (Ranheim, lån ut sesongen), Robert Behson-Courage Williams (Rosenborg).
 
Spelarar ut:
Andreas Rye (Byåsen. Var utlånt fra Ranheim sist sesong), Simen Nordskag (Byåsen), Henrik Kjeldsen Dahlen (Levanger), Vegard Voll (Levanger), Børge Sonflå (Varden Meråker),Jørgen Sollihaug (Fotballpause)
 
Lagets siste fem kampar:
13.04.2019: Arendal – Stjørdals-Blink 0-4
22.04.2019: Stjørdals-Blink – Levanger 4-0
27.04.2019: Byåsen – Stjørdals-Blink 1-2
01.05.2019: (NM) Verdal – Stjørdals-Blink 1-4
04.05.2019: Stjørdals-Blink – Brattvåg 1-1
 
Innbyrdes oppgjer:
Laga har møttest fire gongar i seriesamanheng. Fyrste gongen tilbake til 1992, der vi tapte heile 5-1 borte og slo kraftig tilbake heime på Høddvoll med ein 8-0 siger.
05.08.2019: (2.div) Hødd - Stjørdals-Blink 2-0
14.04.2019: (2.div) Stjørdals-Blink – Hødd 0-3
06.09.1992: (1.div) Hødd - Stjørdals-Blink 8-0
08.06.1992: (1.div) Stjørdals-Blink – Hødd 5-1
 
Hødd spelte 1-1 heime mot Kvik-Halden på Høddvoll førre helg etter å ha teke leiinga allereie etter 2 minutt. Men bortelaget jobba seg inn i kampen igjen og utlikna like etter pause.
 
Etter ei fysisk tøff veke med tre kampar ventar no Stjørdals-Blink på bortebane på søndag. Korleis vil du oppsummere dei tre kampane vi har vore igjennom den siste veka Sander?
 
- Eg synes vi leverer ein bra prestasjon i Arendal og i perioder mot Træff, sjølv om vi gjer det vanskeleg for oss sjølv med å komme under 2-1 tidleg i cupkampen. Kampen mot Kvik Halden var ein prestasjon under det vi forventar av oss sjølve, men heldigvis er det ikkje lenge til neste kamp.
 
Det er endeleg klart for ny kamp til helga, kva tankar har du om den kampen?
 
- Eg tenker at vi møter eit godt fotballag. Dei har fått ein god start, scora mykje mål, skapt bra med sjansar og har forsterka laget sitt mykje sidan førre sesong. Det blir ein tett og spennande kamp som vi gledar oss veldig til!
 
Peter Hasund scora målet heime mot Kvik-Halden sist søndag. Kva har du å seie om kampen i Stjørdal?
 
- Det blir ein veldig tøff kamp, der vi møter eit godt lag som leiar serien. Så det blir ein tett og jamn fotballkamp med mange duellar, der vi må være på vårt aller beste for å hente heim 3 poeng!
 
Tropp
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Daniel Eid, Preben Sætre, Eirik Franke Saunes, Bendik Rise, Tobias Bjørnebye, Bam Hide, Isak Skotheim, Johannes Sundgot, Håkon Brautaset, Robin Hjelmeseth, Robin Shroot, Peter Hasund.
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
Kampen kan du sjå live på Nye Blinkbanen – billettar kan du kan kjøpe på stadion før kampen. Møt opp på stadion og støtt dei blåkvite!
 
Du kan sjå kampen på live Sunnmørsposten eller Vikebladet sine nettsider.
 
God kamp, heia Hødd!

 

Annonse: