4. SERIERUNDE: KVIK HALDEN HEIME

Søndag 5. Mai spelar a-laget heime mot Kvik Halden kl.16:00

Hødd har hatt ein bra start på sesongen med en seier, to uavgjorte og vidare avansement i NM. Førre helg spelte laget 1-1 mot Arendal borte etter at Arendal scora tidleg i 1.omg og fekk ein mann utvist like før pause. Eirik Franke Saunes avslutta eit fint angrep og scora for Hødd med eit nydelig skudd i vinkelen frå 20 meter.
 
OM KVIK HALDEN
Kvik Halden spelte i fjor i Norsk-Tipping ligaen (3.divisjon) og rykka opp med 3 poeng meir enn Eidsvold TF i 2018.
 
Laget har ikkje hatt dei store utskiftingane frå i fjor:
 
Spelarar inn:
Albert Makiadi (Ajaccio, Frankrike), Kevin Krans (Assyriska, Sverige), Filip Westgaard (Fredrikstad), Youssef Chaib (Fredrikstad), Samuel Narh (Meap Nisou, Kypros)
 
Spelarar ut:
Argtim Shabani (Råde), Thomas Kolseth (Østsiden), Jesper Kragh, Holgar Durhuus
 
Kvik Halden har berre spelt to seriekampar i år fordi kampen førre helg mot Levanger blei utsatt på grunn av flystreik. Dei spelte uavgjort mot Sola i fyrste seriekamp, før dei slo Fredrikstad heime i sesongens andre kamp. Dei slo ut ”det sunnmørske” Oslo-laget Lokomotiv Oslo i cupens 1.runde.
 
Lagets siste fire kampar:
13.04.19: Sola – Kvik Halden 2-2
22.04.19: Kvik Halden – Fredrikstad 1-0
27.04.19: Levanger – Kvik Halden Utsatt
01.05.19: (NM) Kvik Halden – Lokomotiv Oslo 5-0
 
Innbyrdes oppgjer:
Laga har ikkje møttest i serie- eller cup-samanheng før, så dette blir det fyrste møtet
 
Etter 1-1 borte mot Arendal førre helg og vidare avansement i cupen mot Træff 1.mai er laget klar til ein ny kamp på Høddvoll allereie søndag. Mai er alltid ein travel og kjekk månad med fleire kampar i serie og cup. Laget får vell ikkje trent for fullt i denne perioda med så mange kampar Sander?
 
- Det stemmer – vi er inne i ei periode med tre kampar på åtte dagar og då vert det viktig å ta ned belastninga litt i trening. Samstundes førebur vi oss som normalt.
 
Laget fekk ein god start i cupen borte mot Træff, men måtte jobbe godt for å få sigeren. Mange seier at cupen lev sitt eige liv, var det tilfelle også her?
 
- Kvar kamp lev sitt eige liv – og det er opp til oss å få kampen inn i ein rytme som er til fordel for oss. Vi fekk ein god start, men varierer veldig og det gjer det vanskeleg for oss sjølv. Vi scora fire mål og resultatet var at vi gjekk vidare.
 
Vi ser fram mot neste kamp som allereie er søndag kl. 16:00 heime på Høddvoll mot Kvik Halden. Kva blir viktig i forberedelsen og kva tankar har du om kampen?
 
- Det standardiserte uttrykket ”nullestille” blir viktig. Ny kamp og nye moglegheiter – for begge lag. No handlar det om å få restituert både kropp og haud, og vidare førebu oss best mogleg på det som møter oss søndag og måten vi skal angripe den kampen på.
 
Eirik Franke Saunes scorte utlikningsmålet sist seriekamp mot Arendal med eit nydeleg skot i vinkelen. Korleis har den siste veka vore med to kampar på fire dagar, og enda ein kamp no på søndag?
 
Laget spelte ein veldig god bortekamp mot Arendal og vi hadde fortjent ein trepoengar ut frå spel og sjansar. Alltid kjekt å score og spesielt når ballen skrur seg opp i vinkelen. Form og skuddfot verkar å vere i bra slag om dagen så eg håper det ikkje blir lenge til neste fulltreffar.Vi er veldig godt trent og eit tett kampprogram er bare bra for oss. Mange av oss unge har lagt ned eit godt treningsarbeid heilt sida vi gjekk ut av «Høddvoll-barnehagen». At vi fekk snudd kampen på onsdag i vår favør, gir ekstra energi inn mot søndagens heimekamp mot Kvikk-Halden. Og så har vi hatt litt å jobbe med dei siste dagane. Vi skal ikkje sleppe inn 3 mål på søndag!
 
Det var over 1100 på kampen sist mot Byåsen, stemninga var bra og vi vann kampen 5-0! Ser dykk fram til å spele på heimebane igjen?
 
- Kampen mot Byåsen var fantastisk på fleire måtar. Siger, godt spel, mange mål og ikkje minst ei fantastisk stemning på Høddvoll. Håper enda fleire tek turen no på søndag og heier oss fram. Stemninga på Høddvoll får meg til å gi alt og forhåpentligvis sit en ny ball i nettet.
 

KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?

Kampen kan du sjå live på Høddvoll – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på billettkontoret før kampen. Møt opp på stadion og støtt dei blåkvite!

Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.

TROPP

Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Daniel Eid, Preben Sætre, William Fjørtoft, Eirik Franke Saunes, Bendik Rise, Bam Hide, Tobias Bjørnebye, Isak Skotheim, Peter Hasund, Håkon Brautaset, Robin Hjelmeseth, Robin Shroot, Joachim Osvold. 

 

Annonse: