Lokaloppgjer mot Hareid!

Hødd sitt damelag spelar borte mot Hareid onsdag 12.09 kl 18.30

I morgon onsdag 12.09 spelar damelaget til Hødd ny kamp. Denne gang er det lokal oppgjer mot Hareid. Kampen går på Hareid KGB kl 18.30.

Hødd ligg på 1 plass i 3div kvinner, og har mykje å spele for. Volda ligg rett bak, og vi må fortsette å vinne for å vere sikker på fortsatt tabell leiing og for å klare eit eventuelt opprykk. Hareid sitt damelag ligg på en 7. plass av 9 lag i avdelinga, og har hatt ein sesong meir midt på tabellen i 3div.

Vi håper folk møtar opp for å støtte damelaget, fordi om værutsiktene ser variable ut. Heia Hødd!

Annonse: