30 år som Norway Cup dommar

I år passerte Magne Jonny Krumsvik 30 år som fotballdommar i verdas største fotballturnering, og fekk eit flott trofe frå arrangøren for dette. FOTO: Lars Taraldset

Magne Jonny Krumsvik deltok som dommar for 30.gong under årets Norway Cup. Ein imponerande bragd av vår dommaransvarlig i klubben.

Magne gir seg no som dommar, men reiser til Norway Cup 2019 som obervatør/rettleiar for andre dommarar. Han blir derfor ein god støttespelar og samtalepartnar for dei mange dommarane som er i aksjon under Norway Cup i åra som kjem. 

Hødd gratulerer jubilanten med ein velfortjent pris for 30 år som dommar på Norway Cup!

Sjå intervjuet med Magne under årets Norway Cup her: (publisert av Trond Gausemel)

Annonse: