3. SERIERUNDE: ARENDAL BORTE

Søndag 28. April kl.14:00 er det klart for årets andre bortekamp når vi møter Arendal på Norac Stadion.

Hødd har hatt ein god start på sesongen etter 1-1 borte mot Fredrikstad FK i fyrste runde, for så å slå Byåsen 5-0 førre helg! Dei blåkvite var effektive og tok vare på dei sjansane dei fekk og enda opp med fem forskjellige målscorarar. Robin Shroot, Bam Hide, Daniel Eid, Preben Sætre og Peter Hasund scora måla!
 
OM ARENDAL
Arendal spelte i fjor i same avdeling i PostNord-ligaen som Hødd og enda på 6. Plass i 2.divisjon 2018.
 
Laget har frå i fjor hatt ein del utskiftingar:
 
Spelarar Inn:
Øyvind Knutsen(Keeper, Hønefoss). Leopold Walstedt(Keeper, Dalkurd, Sverige), Reiss Greenidge (Stoppar, Sogndal), Ilir Kukleci(Stoppar, Frigg), Mads Nørby Madsen(Venstreback, Egersunds IK), Shariff Cham(Venstreback, Frigg), Stian Debess(Midtbane, egen juniorstall), Anders Hylen Pedersen(Midtbane, egen juniorstall), Ulrik Reinaldo Berglann(Kant, Jerv), Vital Curtis Kaba(Spiss, Frigg)
 
Spelarar ut:
Grzegorsz Flasza (til Egersunds), Mikkel Hasling, Tobias Henanger, Petar Rnkovic (lagt opp) , Wilhem Pepa (til Trauma) , Hakeem Wilkinson (til Trauma), Thompson Ekpe, Balal Arezou (til Trauma), Adi Markovic , Philip Aukland (til Fram), Pape Paté Diouf og Anders Hella (Fløy)
 
Arendal har nok ikkje hatt ein så god start på sesongen som dei hadde håpa på på førehand.
 
Fyrste serierunde tapte dei 0-4 heime mot Stjørdals-Blink og i andre runde tapte dei 2-1 borte mot Brattvåg. Så ein revansjesugen gjeng er det nok Hødd møter.
 
Laget har spelt seks treningskampar i vinter:
08.02.19: Jerv – Arendal 4-0
13.02.19: Arendal – Vindbjart 3-3  
20.02.19: Arendal – Sandnes Ulf 0-0
15.03.19: Jerv – Arendal 2-1
23.03.19: Bryne – Arendal 2-2
06.04.19: Arendal – Asker 2-1
 
INNBYRDES OPPGJER
Laga møttest for fyrste gong i 2018 sesongen der Hødd kom sigrande ut av begge kampane.
Heime mot Arendal scora Magnus Myklebust 2 mål og Eirik Haugan 1 mål. Borte scora Eirik Haugan og Markus Naglestad.
 
Siste kampane mellom laga
2018: Arendal – Hødd 1-2
2018: Hødd – Arendal 3-1
 
Etter 1-1 borte mot Fredrikstad og 5-0 heime mot Byåsen kan ein seie at vi har hatt ein god start på sesongen Sander. Kva er det viktig å bygge vidare på inn mot Arendal kampen?
 
- Det viktigaste inn mot Arendalkampen er å nullstille og å gjenskape – ny kamp og nye moglegheiter. Vi slepp til få målsjansar i mot oss, samt at vi skaper 11 store sjansar for. Det er eit godt utgangspunkt for ein god fotballprestasjon.
 
Kva veit vi om Arendal og kva kampbilete kan vi forvente søndag?
 
- Arendal er eit godt fotballag med gode enkeltspelarar som har ambisjon om å konkurrere i toppen av Post Nordligaen denne sesongen. Dei har variert tilnærminga si dei to fyrste kampane, men vi møter eit godt organisert lag og eit lag som er gode i det offensive
boksspelet.
 
Korleis har treningsveka vore og er alle aktuelle til kampen?
 
- Vi har hatt ei relativt standardisert treningsveke – vi har fått gjort det vi skal så langt og har fortsatt to treningsdagar til. Alle er per i dag aktuelle for kampen – vi har to keeperar og 17 utespelarar som alle er friske per no.
 
Bam Hide har scora i dei to fyrste kampane i år og ser ut til å storkose seg på midtbana for Hødd. Korleis var det å endeleg spele på Høddvoll igjen?
 
- Det var kjekt med mykje publikum, god stemning og godt ver! Så det var ei fantastisk fin ramme rundt kampen der Blåsarane toppa det heile!
 
Korleis ser du for deg kampen i helga, borte mot Arendal?
 
- Eg trur det blir en tøff kamp med mange duellar. Dei har mange gode individuelle spelarar på laget. Eg håpar at vi kan fortsette den gode trenden vi er inne i no og at vi satsar på tre nye poeng!
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Norac Stadion og finn billettar her
Eller du kan sjå den på vikebladet.no eller smp.no
 
 
Lukke til og heia Hødd!
Annonse: