3-1 siger for rekruttane mot Molde 2!

Laurdag ettermiddag tok rekruttlaget imot Molde 2 til treningskamp i nydeleg vær på Høddvoll.

Kampfakta

Hødd 2 - Molde 2 3-1 (2-1)
Målskorarar Hødd: William Fjørtoft, Sveinung Tilseth og Bastian Rasmussen.

1.omgang

Kampen opna med dominans favør vertane - stor ballinnehav utan å sette Molde 2 sin keeper på dei store prøvene. Det første målet var det gjestane som skulle få, sjølv om heimelaget var det førande laget. Dei heilkvite gjestane frå Romsdal braut spelet inne sentralt og sette fart mot Hødd sitt mål. Åleine med Jonas Mathiesen var Sivert Gussiås sikker og sette inn 0-1. Etter scoringa heldt heimelaget fram med å vere det førande laget, og omsette stort ballinnehav i store sjansar. Sjansane enda i mål ved to anledningar - 1-1 kom på eit flott frispark i lengste hjørne signert William Fjørtoft, medan 2-1 kom på eit meget flott angrep der Sveinung Tilseth til slutt drog seg fri inne i 16-meteren og sette ballen uttagbart i mål. Etter at vertane gjekk opp i leiinga 2-1 heldt dei heilblå fram med å dominere banespelet og skape sjansar, og kun små marginar gjorde at leiinga ikkje var større enn 2-1 til pause. 

2.omgang

Etter sidebytte var Hødd innleiingsvis det beste laget. Molde låg lavt og kompakt, og gjor det vanskeleg for Hødd å bryte gjennom, samtidig som dei var farlege på kontringar. Etter kvart som kampen gjekk sin gang kom Molde 2 meir med i kampen og spelet følga i større grad fram og tilbake - begge lag hadde sine sjansar, men mål blei det ikkje før den 90. speleminutt. Hødd hadde innkast ved eige hjørneflott, spelte seg på utsøkt vis framover i bana, før Elias Flø spelte ei gjennombruddspasning til Bastian Rasmussen. Han tok meg seg ballen inn i 16-meteren og sette ballen sikkert forbi keeper til 3-1.

«Vi er godt fornøgde med prestasjonen der vi ser igjen ting vi har trent på. Spesielt fase 1 og 2 av det etablerte angrepsspelet, samt press-spelet vårt er vi nøgde med. Vi skal bygge vidare på dette i treningsarbeidet inn imot seriestart, og bli enda betre. God prestasjon kollektivt og individuelt», seier Sander Nyland i ein kommentar etter kampslutt. 

Hødd 2: Jonas Mathiesen, William Fjørtoft, Elias Flø, Petter Worren, Håkon Thormodsæther, Håkon Brautaset, Daniel Haanes, Sveinung Tilseth, Sander Djupvik, Bam Phudithip, Badr Rahhaoui. 

Innbyttarar: Ola Heltne Nilsen, Bastian Rasmussen, Sondre Gjerdsbakk, Tobias Hatløy Pettersen. 

Annonse: