26. SERIERUNDE: HØDD - ARENDAL

I morgon laurdag kl. 13:00, kjem Arendal på besøk i sesongens aller siste seriekamp!

Siste seriekamp står for tur og Arendal kjem til Høddvoll. Det er gratis inngang for alle dei aktive i Hødd, så her er det berre å ta turen! Førre helg spelte vi 1-1 borte mot Byåsen der gutta ikkje var i nærleiken av toppnivået vi veit dei har inne. Vi håpar difor at gutta finn tilbake til det nivået både vi og dei veit dei har inne og let det gå ut over Arendal.
 
OM Arendal
Arendal Fotball vart stifta 27. September 2010 og er ein fotballklubb frå Arendal. Klubben er eit samarbeidsprosjekt mellom Idrettsforeningen Trauma og Idrettsklubben Grane. Klubben ligg i dag på plassen over oss på tabellen med eit poeng meir på ein 6.plass. Med heimesiger her vil vi passere Arendal.
 
Lagets siste fire kampar:
19.10.19: Arendal – Vidar 1-0
12.10.19: Moss – Arendal 1-1
06.10.19: Arendal – Brattvåg 2-3
29.09.19: Arendal – Sola 4-1
 
Innbyrdes oppgjer:
Vi har berre møtt Arendal i ein kamp før og det var etter tredje serierunde i år. Då enda det 1-1 på Norac Stadion der Eirik Franke Saunes scora.
 
Tropp
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Glenn Walker, Daniel Eid, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Preben Sætre, William Fjørtoft, Bendik Rise, Tobias Bjørnebye, Eirik Franke Saunes, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Peter Hasund, Bam Hide, Joachim Osvold, Luc Jeggo
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll Stadion – billettar kan du kjøpe på førehand her eller på stadion før kampen. Møt opp på stadion og støtt dei blåkvite om du er i nærleiken!
 
Du kan sjå kampen på Sunnmørsposten eller Vikebladet sine nettsider
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Annonse: