25. SERIERUNDE: BYÅSEN – HØDD

I morgon laurdag, kl. 13:00 spelar vi nest siste seriekamp borte mot Byåsen

Årets siste bortekamp står for tur i morgon og gutta har akkurat fått unda ei treningsøkt etter dagens busstur til Trondheim. Førre helg tapte vi 0-2 for Egersunds på heimebane, så gutta er klare for å kome tilbake på vinnarsporet i morgon.  
 
OM BYÅSEN
Byåsen spelte i 2018 i 3. divisjon og tok steget opp til 2. divisjon etter at laget vann avdelinga komfortbelt foran RBK 2. Laget skora totalt 66 mål og hadde 25 baklengsmål (minst i serien). Byåsen hadde også den beste bortestatistikken i avdelinga med 8-2-3.
Laget frå Trøndelag er allereie klare for nedrykk etter årets sesong, men er ikkje eit enkelt lag å møte på Byåsen Arena.
 
Byåsen siste fem kampar
 
12.10.19: Kvik Halden – Byåsen 3-1
06.10.19: Byåsen – Bryne 3-0 
28.09.19: Moss – Byåsen 0-1
22.09.19: Byåsen – Egersunds 0-1
14.09.19: Nardo – Byåsen 2-1
 
INNBYRDES OPPGJER
Førre møtet med Byåsen vann vi 5-0 heime på Høddvoll etter scoringar av Robin Shroot, Bam Hide, Daniel Eid, Preben Sætre og Peter Hasund.
 
Siste 7 kampar mellom laga:
2019: Hødd – Byåsen 5-0
2017: Byåsen - Hødd 1-1
2017: Hødd - Byåsen 1-3
2010: Hødd - Byåsen 5-0
2010: Byåsen - Hødd 2-3
2009: Hødd - Byåsen 3-1
2009: Byåsen - Hødd 2-3
 
Tropp:
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Preben Sætre, Daniel Eid, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Glenn Walker, Eirik Franke Saunes, Bendik Rise, Tobias Bjørnebye, Bam Hide, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Peter Hasund, Ola Heltne Nilsen
 
* Joachim Osvold, Luc Jeggo, William Fjørtoft, Isak Skotheim er ute med skade
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Byåsen Arena – billettar kan du kjøpe på billettkontoret før kampen. 
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider
Annonse: