23. Serierunde: Nardo - Hødd

I dag søndag kl. 15:00 spelar vi borte mot Nardo på Nissekollen.

Det er ein strålande morgon i Trondheim, gutta har fått i seg ein god frukost og er nettopp ferdig med ein gåtur. Vi reiser til Nissekollen for å møte Nardo om nokre timar. Laget er revansjesugne etter det som spolerte fjorårets kvallik og 1-2 tapet mot FFK førre helg.
 
Om Nardo
Nardo FK er ein bydelsklubb i Trondheim som blei stifta 14. Januar 1971. Trondheimsklubben er ein kjend skikkelse i 2. divisjon. Dei har spelt på nivået sidan 2009, så ein kan kalle dei for ein stabil 2. divisjonsklubb. Mellom 1997 og 2008 veksla dei på å spele i 2. og 3. divisjon, medan storheitstida til klubben var mellom 1992 og 1996. I 1992 rykka dei for fyrste gong opp til 1. divisjon og året etter var dei berre 5 poeng frå å rykkje opp til dåverande Tippeligaen. 
 
Nardo siste 5 seriekampar:
 
29.09.19: Nardo – Egersund 2-5
21.09.19: Levanger – Nardo 2-1
14.09.19: Nardo – Byåsen 2-1
08.09.19: Fredrikstad – Nardo 3-0
01.09.19: Nardo – Sola 1-4
 
Tidlegare oppgjer
Førre møtet med Nardo var på Høddvoll i Juni der vi vann 4-0 etter scoringar av Robin Shroot, Preben Sætre, Netan Sansara og Peter Hasund. Som kjent spelte vi 2-2 mot Nardo i siste kampen i fjor og er ute etter revansje på Nissekollen
 
10.06.19: Hødd – Nardo 4-0
27.10.18: Nardo – Hødd 2-2
29.07.18: Hødd – Nardo 2-3
03.09.17: Nardo – Hødd 1-1
20.05.17: Hødd – Nardo 2-0
18.09.10: Nardo – Hødd 1-3
05.06.10: Hødd – Nardo 1-1 
17.10.09: Nardo – Hødd 1-0
03.05.09: Hødd – Nardo 2-1
27.10.07: Hødd – Nardo 4-2
14.07.07: Nardo – Hødd 1-4
17.08.96: Nardo – Hødd 0-0
19.05.96: Hødd – Nardo 2-1
 
TROPP
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Joakim Wrele, Daniel Eid, Netan Sansara, Jens Husebø, Preben Sætre, Glenn Walker, Eirik Franke Saunes, Bendik Rise, Robin Shroot, Joachim Osvold, Robin Hjelmeseth, William Fjørtoft, Sindre Kleiven, Ola Heltne Nilsen.
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Nissekollen  – billettar kan du kjøpe på billettkontoret før kampen. 
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.
Annonse: