22. SERIERUNDE: HØDD – FREDRIKSTAD FK

I morgon søndag kl. 16:00 kjem Fredrikstad på besøk til Høddvoll!

Gutta har fire strake sigrar og er inne i ei god periode. Sist vi møtte Fredrikstad var i serieåpninga der det enda 1-1 etter scoring av Bam Hide. I morgon kjem det opprykksjagande laget på besøk, og treng ein siger her for å kunne henge med Kvik Halden og Stjørdals-blink i toppen. Dette vert ein spanande kamp, så vi oppfordrar alle til å kome på stadion i morgon og støtte gutta!
 
Om Fredrikstad
Fredrikstad ligg som kjent på ein tredjeplass i avdelinga, 6 poeng bak Kvik Halden og 5 poeng bak Stjørdals-Blink. Den hardtsatsande klubben treng difor ein siger på Høddvoll for å ikkje bli hekta av i serieinnspurten.
 
Lagets siste fem kampar:
22.09.19: Fredrikstad – Brattvåg 3-2
15.09.19: Arendal – Fredrikstad 2-1
08.09.19: Fredrikstad – Nardo 3-0
31.08.19: Egersund – Fredrikstad 1-0
25.08.19: Fredrikstad – Levanger 3-0
 
* Her kan du lese meir om kva Fredrikstad skriv om kampen.
 
Tidlegare oppgjer
Vi har hatt mange tidlegare oppgjer mot Fredrikstad i 1.divisjon. Vi har møtt dei i 2.divisjon ein gong og det var i serieåpninga i år.
 

 

Ny kamp i morgon mot Fredrikstad, som også var vår fyrste motstandar på Nye Høddvoll i 2015. Kva tankar har du rundt kampen i morgon, Ole Monrad?
 
- Det blir artig å få ein storkamp på Høddvoll! Vi møter eit lag som kjempa i toppen og om opprykk, og vi satsar på at vi kan gi både publikum og oss sjølve ein kjekk kamp, der vi kjem sigrande ut av kampen!
 
Tropp:
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Ola Heltne Nilsen, Preben Sætre, William Fjørtoft, Bendik Rise, Glenn Walker, Daniel Eid, Eirik Franke Saunes, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Bam Hide, Peter Hasund, Joachim Osvold, Sindre Kleiven.
 
* Netan Sansara er tilbake etter karantene i førre kamp
** Tobias Bjørnebye er ute med karantene denne kampen
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll Stadion – billettar kan du kjøpe på førehand her eller på stadion før kampen. Møt opp på stadion og støtt dei blåkvite om du er i nærleiken!
 
Du kan sjå kampen på Sunnmørsposten eller Vikebladet sine nettsider
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Annonse: