20. SERIERUNDE: HØDD - BRYNE

I dag søndag kl. 15:00 kjem Bryne på besøk

Ny kamp på Høddvoll i dag når Bryne kjem på besøk! Vi kjem frå ein sterk slitesiger frå førre helgs bortekamp mot Levanger, der Joakim Wrele blei utvist tidleg i 2.omgang. Vi håpar at du kjem på Høddvoll i dag og støttar laget! 
 
OM BRYNE
Bryne er inne i sin tredje sesong av 2.divisjonsfotball. Knut Ertesvåg sitt tidlegare lag hadde nemleg før nedrykket i 2016, 45 samanhengande sesongar i dei to øvste divisjonane. Dei var på det øvste nivået i periodane 1976 – 1988 og 1999 – 2003. Bryne har også, som Hødd, ein kongepokal å vise til, i tillegg til to seriesølv. Dei er med andre ord ein merittert klubb og høyrer definitivt ikkje heime på dette nivået.
 
Bryne´s siste fem kampar:
 
08.09.19: Bryne – Kvik Halden 3-4
01.09.19: Bryne – Arendal 2-1
24.08.19: Sola – Bryne 0-2
18.08.19: Bryne – Fredrikstad 1-2
10.08.19: Vidar – Bryne 1-0
 
Tidlegare oppgjer
Vi har stort sett møtt Bryne kvar sesong sidan 1991, sett vekk i frå nokre sesongar. Vårkampen mot Bryne enda 1-1 på Bryne Stadion der Peter Hasund skåra.
 

 

Tropp:
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Netan Sansara, Jens Husebø, Daniel Eid, Preben Sætre, Eirik Franke Saunes, Tobias Bjørnebye, Glenn Walker, Bendik Rise, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Joachim Osvold, Bam Hide, Peter Hasund, Ola Heltne Nilsen, Bendik Engen
 
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll Stadion– billettar kan du kjøpe her eller på stadion i billettluka før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider
Annonse: