2. Runde NM. Hødd – Sogndal

I morgon kl. 18:00 er det klart for 2.runde i NM heime mot Sogndal!

Det er duka for ny cup-kamp på Høddvoll i morgon når vi møter Sogndal. Vi håpar på mykje folk og festfotball frå heimelaget! Laget er svært revansjelystne og ser verkeleg fram til denne kampen.
 
Hødd gjekk som kjent vidare etter å slått Træff 3-4 i 1.runde på Reknesbanen. 
Sogndal tok seg vidare til 2.runde etter å ha slått Stryn 0-5 i 1.runde.
Hødd og Sogndal har ikkje møttest i cupen i nyare tid (sidan 1999)
 
Sogndals siste fem kampar:
 
16.05.19: Nest-Sotra – Sogndal 1-0
11.05.19: Sogndal – KFUM 4-2
08.05.19: HamKam – Sogndal 0-0
04.05.19: Aalesund – Sogndal 3-1
01.05.19: NM Stryn – Sogndal 0-5
 
Den aller største skuffelsen har lagt seg etter 1-2 tapet mot Brattvåg 16.mai og det er heldigvis klart for ny kamp på Høddvoll. Kva tankar har du rundt kampen og kva ser du fram til mest i morgon Sander?
 
- VI ser mest fram til ein ny heimekamp på Høddvoll og forhåpentlegvis ein god prestasjon som gjer at vi kan ta oss vidare i cupen. Vi ser på Sogndal kampen som ein tøff kamp mot ein god motstandar som er godt organiserte og har eit godt grunnspel. Håpar vi sjåast på Høddvoll i morgon!
 
TROPP
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Daniel Eid, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Eirik Franke Saunes, Preben Sætre, Bendik Rise, Tobias Bjørnebye, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Joachim Osvold, Håkon Brautaset, Isak Skotheim, William Fjørtoft, Bam Hide, Tobias Hatløy
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på billettkontoret før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.
Annonse: