18. Serierunde: Hødd - Vidar

I dag søndag kl. 16:00 kjem Vidar på besøk til Høddvoll!

Laget er inne i ei tøff periode og har tapt sine fem siste seriekampar. På Høddvoll skal vi alltid være best og gå for tre poeng uansett motstandar. Vi håpar og trur at publikum kjem og støttar oss, spesielt i denne perioda, for det er akkurat no vi treng den 12 mann i ryggen! 
 
Om Vidar
Fotballklubben Vidar er ein fotballklubb som kjem frå Stavanger og blei grunnlagt 18. April 1906. Brede Hangeland sin moderklubb er inne i sin tiande sesong i 2.divisjon på rad. 
 
Lagets siste fem kampar:
24.08.19: Vidar – Nardo 1-2
17.08.19: Egersunds – Vidar 4-0
10.08.19: Vidar – Bryne 1-0
14.07.19: Bysen – Vidar 2-2
07.07.19: Vidar – Sola 1-2
 
Tidlegare oppgjer
I nyare tid har vi møtt Vidar fem gongar i 2.divisjon med tre sigrar, ein uavgjort og eit tap. Vi må heilt tilbake til 94 og 96 sesongen sidan vi møtte dei i 1.divisjon. Kampen vi spelte mot Vidar i Juni var ein jamn og tett batalje der vi trakk det lengste strået på overtid. 
 
02.06.19: Vidar – Hødd 0-1   2.div
09.09.18: Vidar – Hødd 1-0   2.div
20.05.18: Hødd – Vidar 1-1   2.div
29.09.17: Vidar – Hødd 0-3   2.div
11.06.17: Hødd – Vidar 3-0   2.div
08.09.96: Hødd – Vidar 3-2   1.div
16.06.96: Vidar – Hødd 2-1   1.div
28.08.94: Hødd – Vidar 0-1   1.div
05.06.94: Vidar – Hødd 1-1   1.div
 
 
Tropp
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Ola Heltne Nilsen, Preben Sætre, William Fjørtoft, Tobias Bjørnebye, Bendik Rise, Glenn Walker, Sindre Kleiven, Eirik Franke Saunes, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Bam Hide, Peter Hasund, Joachim Osvold.
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll Stadion – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke her eller på stadion før kampen. Møt opp på stadion og støtt dei blåkvite! Fotball er best live!
 
Du kan sjå kampen på Sunnmørsposten eller Vikebladet sine nettsider
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Annonse: