15. serierunde: Brattvåg - Hødd

I morgon laurdag spelar A-lag herrar fyrste kamp etter ferien borte mot Brattvåg kl. 15:00

I morgon startar endeleg haustsesongen for A-lag herrar igjen. Den fyrste kampen etter ferien er mot Brattvåg på Brattvåg Stadion. Sist vi spela mot Brattvåg var i 16.mai oppgjeret på Høddvoll. Den kampen tapte vi 1-2 etter scoring av Bendik Rise. 
 
Begge lag gjekk på eit tap som svei grusomt i siste kampen før ferien, så her er det garantert to lag som verekeleg er revansjelystne! Ta gjerne turen til Brattvågen i morgon og støtt bortelaget i fyrste kampen etter ferien! 
 
Om Brattvåg
Brattvåg er som kjent frå Haram kommune og spelte i same avdeling som Hødd i 2018 etter å ha rykka opp frå Norsk-Tipping ligaen(3.div) i 2017. Laget har fått eit nytt trenarteam etter at Karl Oskar Fjørtoft og Rune Ulvestad takka for seg etter fjorårets sesong. Rene Skovdahl og Thomas Pedersen tok over etter sistnemnte i slutten av november 2018.
 
Brattvåg ligg foreløpig på ein 11.plass med 15 poeng, to poeng over nedrykkstreken og fire poeng bak Hødd (6. Plass og 19 poeng)
 
Lagets siste fire kampar:
 
13.07.19: Egersunds – Brattvåg 5-0
06.07.19: Brattvåg – Nardo 1-0
29.06.19: Kvik Halden – Brattvåg 2-1
22.06.19: Brattvåg – Levanger 1-2
 
Innbyrdes oppgjer
I nyare tid (sidan 1999) er dette kamp nr 6 vi møter Brattvåg i serie- og cupsamanheng.
 
16.05.19: (2.div) Hødd – Brattvåg 1-2
16.09.18: (2.div) Hødd – Brattvåg 0-1
26.05.18: (2.div) Brattvåg – Hødd 0-4
27.04.16: (NM) Brattvåg – Hødd 1-0
17.04.13: (NM) Brattvåg – Hødd 1-4
 
Det er endeleg kamp igjen og kaptein Joakim Wrele er tilbake etter barnefødsel. Laget får endeleg spele ny kamp igjen etter det grusomme tapet mot Kvik Halden 13.juli. Korleis var det å sitte heime og sjå kampen i Halden, Jokke?
 
- Det var veldig skuffande å sitta hemma och se matchen. Första halvlek var okej men andra halvlek var något av det värsta jag sett. Nu är vi så heldige att vi får en ny chans imorgon å visa oss från vår bästa sida! 
 
Laget har fått unna to gode treningsveker etter ferien, korleis er stemninga i laget før morgondagens kamp mot Brattvåg? Er dokke klare for å revansjere tapet frå 16.mai?
 
- Stämningen i laget er veldig bra. En fin grupp där alla gör sitt bästa varje dag, jag tror vi alla vill visa att förra matchen var ett undantag og det är klart att 16 maj kampen mot Brattvåg sitter kvar lite i tankarna hos oss. Vi ser fram emot morgondagen och hoppas folk tar turen för å stötta oss mot 3 poäng!
 
 
TROPP
*Troppa blir lagt ut når den er klar!
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Brattvåg Stadion – billettar kan du kjøpe på stadion før kampen. 
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.
 
Annonse: