14. Serierunde: Kvik Halden – Hødd

I morgon laurdag kl. 16:00 er det klart for den siste seriekampen før ferien, borte mot Kvik-Halden.

Gutta reiser til Halden i dag for å få ei best mogleg opplading til kampen i morgon. Det er meldt om ein varm dag og mykje folk frå Ulsteinvik som startar ferien i Halden. Gutta er revansjelystne etter tapet mot Levanger førre helg og har verkeleg lyst til å gå inn i ferien med ein god følelse! Så då satsar vi på det vert ein god Hødd-kamp og poeng i sekken heim til Ulsteinvik!
 
OM KVIK-HALDEN
Kvik Halden Fotballklubb er ein klubb frå Halden som blei stifta 19. Juni 1906. Dei spelar heimekampane sine på Halden Stadion. Dei rykka opp frå 3.divisjon i fjor med 3 poeng meir enn Eidsvold TF og ligg på ein knallsterk 3.plass så langt i avdelinga.
 
 
Kvik-Halden sine fem siste kampar:
 
06.07.19: Stjørdals-Blink – Kvik-Halden 3-1
29.06.19: Kvik-Halden – Brattvåg 2-1
22.06.19: Byåsen – Kvik-Halden 1-6
16.06.19: Kvik-Halden – Arendal 2-1
10.06.19: Kvik-Halden – Vidar 1-2
 
TIDLEGARE OPPGJER
Vi har ikkje møtt Kvik-Halden meir enn ein gong sidan 1999. Det var i vårkampen i Mai som enda 1-1 etter mål av Peter Hasund etter 3min.
 
TROPP:
Ole Monrad Alme, Daniel Eid, Netan Sansara, Jens Husebø, Isak Skotheim, Preben Sætre, Johannes Sundgot, Peter Hasund, Tobias Bjørnebye, Bendik Rise, Robin Shroot, Vegar Berntsen, Robin Hjelmeseth, Joachim Osvold, Eirik Franke Saunes, Håkon Brautaset, Wavhirawut Bam Carlos Phudithip
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Halden Stadion – billettar kan du kjøpe på stadion i billettluka før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider
Annonse fra Obos-ligaen: