10 kjappe: Steffen Moltu

Bli betre kjent med Steffen Moltu, og høyr kva tankar han har om kampen mot Bryne på søndag.

<em>Foto: Arne Flatin</em>
Foto: Arne Flatin


Namn: Steffen Moltu
Alder: 30 år
Fødestad: Gursken
Posisjon: Midtstoppar
Tidlegare klubbar: Gursken, LGFK, Bergsøy, Skarbøvik.

1. Korleis ser din kvardag ut?
- Opp med gutfanten mellom 06.00 og 07.30, levering i barnehagen 08.30, vidare på jobb 09.00, trening 15.30 og middag/familietid frå 17.30 og utover, og repeat.

2. Beste fotballminne?
- Uten tvil, cupfinala 2012!

3. Beste medspelar?
- Johnny Moltubakk.

4. Beste motspelar?
- Nicola Djurdic.

5. Lagets klovn?
- Badr Rahhaoui (sjølvskreven etter berre 2 månader).

6. Lagets kjekkas?
- Jesper Törnqvist.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Ole Christian Rørvik.
Forsvar: Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Fredrik Klock, Victor Grodås.
Midtbane: Bendik Torset, Sivert Heltne Nilsen, Torbjørn Kallevåg.
Angrep: Pål Andre Helland, Magnus Myklebust, Adama Diomande.

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Eg var kretsmester i kulestøt som 5.(?) klassing.

9. Kva tankar har du om 1-1 kampen mot Fram Larvik?
- Eg synest det var ein solid kamp av oss i store periodar, litt smårusk, men med betre uttelling på sjansar burde vi vunne kampen. Målet i mot på overtid er veldig surt og spesielt, noko som gjer at ein sit igjen med ein litt sur følelse i etterkant.

10. Kva tankar har du om kampen mot Bryne komande søndag?
- Bryne på Jæren er alltid tøff, men det skal vere fult mogleg å hente noko heim derifrå. Om vi er like solide defensivt som sist, samt meir kliniske foran motstandaren sitt mål, trur eg vi ror seieren i land og kan innkassere årets første 3-poengar! Prioritet: halde nullen!

Annonse: