10 kjappe: Preben Alexander Sætre

Årets første nysignering var også juniorspelar i Hødd. Bli betre kjent med gurskingen Preben Alexander Sætre.

Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin

Namn: Preben Alexander Sætre
Alder: 27
Fødestad: Gursken
Posisjon: Kant/Back
Tidlegare klubbar: Gursken, LGFK, SK Herd

1. Korleis ser din kvardag ut?
- No er det midt i eksamensperioda. Det blir derfor ein del turar til Molde, for deretter å kome seg heim til trening klokka 15.30. Etter trening er det mat og lesing som står på programmet. 

2. Beste fotballminne?
- Når LGFK møtte Aafk på River Plate i cupen.

3. Beste medspelar?
- Johnny Moltubakk.

4. Beste motspelar?
- Bjørn Helge Riise.

5. Lagets klovn?
- Badr Rahhaoui.

6. Lagets kjekkas?
- Jan Lennart "Jalle" Urke.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Kurt Ove Longva.
Forsvar: Oskar Gunnarstein, Steffen Moltu, Leiv Sindre Muren, Preben Sætre.
Midtbane:  Andreas Rekdal, Christoffer Rekdal, Johnny Moltubakk, Bendik Torset.
Angrep: Anders Vaagen, Magnus Myklebust.

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Ein tidlegare lærar sa eg burde slutte med fotball for å satse på svømming.

9. Kva tankar har du om sigeren mot Odd 2?
- Det var ein litt rotete kamp som vi heldigvis bikka i vår favør.

10. Kva tankar har du om kampen mot Fana komande søndag?
- Det ryktast at ein del supportarar tek turen til Bergen, så dei skal få valuta for turen i form av tre poeng!

Annonse: