10 kjappe: Henrik Breimyr

Han har trent med A-laget til Chelsea som 17-åring. Bli betre kjent med Henrik Breimyr.

Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin

Namn: Henrik Breimyr
Alder: 23
Fødestad: Stavanger
Posisjon: Sentral midtbane
Tidlegare klubbar: Fulham, Reading, Aldershot, Chelsea (lån), Viking, Bryne, Start, Sandnes Ulf

1. Korleis ser din kvardag ut?
- På morgonen pleier som regel eg og Andreas å gå på Aktiv eller trene fotball saman. Så er det heim og ete lunsj, før trening med laget. På kveldane er det ofte trening eller kamp med damelaget.

2. Beste fotballminne?
- Vinne Tippeliga-kvalik på ein fullsatt Sør Arena med Start/Trene med A-laget til Chelsea som 17-åring.

3. Beste medspelar?
- Rune Almenning Jarstein.

4. Beste motspelar?
- Paul Pogba.

5. Lagets klovn?
- Harald Åsland Riise.

6. Lagets kjekkas?
- Bendik Rise, catwalk-modellen.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: James Whitmarsh.
Forsvar: Marius Lode, Alex DeJohn, Rogvi Baldvinsson, Viljar Vevatne.
Midtbane: Bendik Rise, Sabri Khattab, Andreas Breimyr, Erlend Segberg.
Angrep: Jon Helge Tveita, Henrik Breimyr.

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Som du ser ut av draume-11aren min så har eg spelt ute av posisjon i alle dei år. Sist eg fekk tillit på topp blei det 42 mål på 18 kampar. Dette var i 2000-sesongen for gutar 7 :)

9. Kva tankar har du om sigeren mot Fana i Bergen?
- Det var viktig å vinne slik at Tom Vågen er i godt humør når han skal bære Hødd-Fana på 17 mai ;)

10. Kva tankar har du om kampen mot Nardo komande helg?
- Det blir bra! Ei fin moglegheit til å klatre opp på tabellen til der vi skal vere. Forhåpentlegvis foran ein del folk, og med underhaldande og offensiv fotball.

Annonse fra Obos-ligaen: