10 kjappe: Eirik Franke Saunes

Bli betre kjent med spelar nummer 14.

Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin

Namn: Eirik Franke Saunes
Alder: 18 år
Fødestad: Bærum
Posisjon: Midtbane
Tidlegare klubbar: Karanba

1. Korleis ser din kvardag ut?
- Vakne, ete, trene, skule, ete, trene, ete, sove.

2. Beste fotballminne?
- Uoffisiell NM-finale for G12.

3. Beste medspelar?
- Bendik Rise.

4. Beste motspelar?
- Daniel Eid (på trening).

5. Lagets klovn?
- Sivert Pieroth, som skulle klippe hull i eit kaffefilter slik at kaffe skulle renne igjennom. 

6. Lagets kjekkas?
- Sondre Beite.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Sivert Pieroth.
Forsvar: Daniel Eid, Iver Saunes, Hallstein Saunes.
Midtbane: Martin Kirkpatrick Saunes, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes (K), Mikkel Morgenstjerne "Mix" Diskerud, Torbjørn Kallevåg.
Angrep: Darlan Martins (Karanba), Patrick Alves Fonseca (Karanba).

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Eg har testa uteliggjartilværelsen ei natt i Red Light district, Amsterdam. 

9. Kva tankar har du om poengdelinga i Vennesla?
- Eg har blanda følelsar eigentleg. Kjipt at vi får eit raudt kort som pregar kampbiletet, men det positive er at vi kjempar oss tilbake og får med oss eit poeng.

10. Kva tankar har du om kampen mot Byåsen komande søndag?
- At eg spelar gjennom Bendik Rise med ei lissepasning og vi vinn kampen.

Annonse: