Kulturprisen 2012 til Hødd
21.05.2013 - 13:20 ( Last updated 21.05.2013 - 13:35 ) - Kjetil Henningsen
Hødd fekk Kulturprisen for 2012
Kulturprisen vert delt ut annakvart år til nokon som fremjar kulturlivet i lokalområdet, og i pausa mellom Hødd - Ranheim forrige torsdag fekk Hødd utdelt Kulturprisen 2012. Prisen vart overlevert av representantar frå Sparebanken Møre, Nordea og Ulstein kommune.
Begrunninga for at Hødd vann Kulturprisen 2012:
"Idrettslaget har vore ein kulturinstitusjon i kommunen sidan 1919. Det IL Hødd gjer både i og for lokalsamfunnet er vanskeleg å sette ord på og kan vanskeleg verdsettast høgt nok. Vi snakkar om daglege aktivitetar, treningar og kampar for fleire hundre barn og ungdom, jenter og gutar, kvinner og menn. Ein flott tilvekst dei siste åra og som viser IL Hødd sitt samfunnsengasjemang er Hødd United. Krona på verket i 2012, var sjølvsagt cupfinalen og sigeren over Tromsø IL. Ein enorm prestasjon av ein liten, men stor klubb, med røtene godt planta i lokalsamfunnet i Ulstein."
Foto: Hugo Antonsen