Ørjan om sommarforvandlinga til Hødd
09.07.2012 - 13:53 ( Last updated 27.07.2012 - 10:47 )
I åtte seriekampar i april og mai hadde Hødd sju tap og ei målforskjell på 8-20. Men i juni og juli har Hødd gått ubesigra i seks kampar i serie og cup, med ein målforskjell på 17-2. Slik forklarar Ørjan Håskjold Nyland sommarforvandlinga.
Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland spelte ein god kamp mot Start, med mellom anna ei strafferedning.
Var det noko i det heile tatt å sette fingeren på av det du sjølv presterte mot Start?
- Eg hadde eit par igongsettingar som ikkje var bra, men ellers er eg godt fornøgd med både eigne prestasjonar, seier Hødd-keeperen.
Kor fornøgd er du med det laget som heilheit presterte mot Start?
- Vi er i god form, og eg synes vi gjer ein god kamp mot serieleiaren. Vi held nullen bakover, og har sjansar til å stikke av med alle tre poenga.
Korleis forklarar du forvandlinga som har skjedd resultatmessig etter at sommaren tok til?
- Det hjalp at vi snudde V-en og no spelar med to anker. Vi gir også frå oss mindre rom, og i tillegg har vi unngått alle dei unødvendige brudda vi sleit med i starten av sesongen. Det handlar også om sjølvtillit, og det at vi har skåra fyrste målet i fleire kampar siste tida hjelp også.
Er du sjølv i betre form no enn i starten av sesongen?
- Eg føler at eg har prestert jamnt og godt heile sesongen, så eigentlig ikkje.
No ventar Notodden borte og Sarpsborg 08 heime på Høddvoll i dei to neste seriekampane. Kva tenkjer du om dei kampane?
- Notodden har vel hatt ei litt omvendt formkurve enn oss. Dei åpna sesongen bra, men har tapt sine fem siste kampar. Men dei knuste vel både Bryne og Sandefjord før i sesongen på heimebane, så det blir ein tøff kamp. Vi bør ha poeng dere nede, og helst alle tre.
Når det gjeld Sarpsborg 08, så viste vi i cupen at vi kan slå dei. Men akkurat no tenkjer vi berre på kampen mot Notodden til helga.
Til slutt. Det er trekning av cupen i Sommaråpent i morgon kveld. Kven ynskjer du i kvartfinalen?
- Det tenkjer eg særs lite på. Vi kan ta alle lag i Norge i den forma vi er i no. Men sjølvsagt ser eg helst at det blir heimebane, avsluttar 21-åringen frå Volda.