Hødd-Start 0-0
08.07.2012 - 20:38 ( Last updated 27.07.2012 - 10:47 )
Hødd og Start delte poenga i ein jamnspelt kamp foran 1 129 tilskodarar på Høddvoll. Ørjan Håskjold Nyland (bilete) redda straffe og var bestemann på Hødd.
Det vart ein sjansefattig kamp med mykje nerve på Høddvoll, og ingen av laga makta å omsette dei få sjansane dei produserte.
Nærast scoring var Start då dei fekk straffe like før pause, men Ørjan Håskjold Nyland varta opp med ei fantomredning. I andre omgong fekk han også på mesterlig vis fista over ei god Start-heading.
0-0 var begge lag greit fornøgde med, og Hødd er dermed ubesigra på sine seks sise kampar. Neste helg ventar Notodden på bortebane.
Kampfakta:
Hødd-Start 0-0 (0-0)
Høddvoll: 1 129 tilskodarar
Hødd: Ørjan Håskjold Nyland, Akeem Latifu, Steffen Moltu, Fredrik Klock, Ruben Kenneth Brandal, Sivert Heltne Nilsen, Eirik Heltne (Fredrik Aursnes, 46.), Erik Sandal, Christian Mork, Espen Standal (Michael Karlsen, 66.), Pål Andre Helland (Kazeem Ahmed, 86.)
Ubenytta reservar: Jan-Lennart Urke, Elias Nonso Lala, Bendik Dybdal Torset, Ørjan Engen Grimstad.
Gule kort Hødd: Espen Standal, (33.), Akeem Latifu (49.)