Team Søre

Team Søre er Søre Sunnmøre sitt bylagskonsept, som er ein viktig del av IL Hødd fotball sitt bidrag til spelarutvikling i Sunnmøre Fotballkrets.

Team Søre

I samarbeid med toppklubbane vedtok NFF Sunnmøre å endre på bylagskonseptet frå og med hausten 2016. Frå dette tidspunktet skal bylag bestå av berre eit årskull – 13-åringar. For hausten 2016 betyr det gutar og jenter født i 2003. For 2017 betyr det gutar og jenter født i 2004.

Bylagssesongen (Team Søre) byrjar med uttak like over Satellitt-turneringa i april. Der etter blir det treningar for Team Søre 2004, der toppklubb (IL Hødd Fotball) er ansvarlege for den sportslege gjennomføringa. Sjølv om det er kampsesong for aldersbestemte lag i april og mai, vil Team Søre ha treningar for å kunne påverke dei ivrigaste og beste spelarane i regionen. IL Hødd Fotball vil forsøke å leggje treningane på datoar som ikkje kolliderer med kampdag for G13, G14, J13 og J14.

Etter sommarferien – tidleg i august – vil det bli nytt uttak og der etter treningar i toppklubb (IL Hødd Fotball) fram til månadsskiftet oktober/november. Då startar kampsesongen mot dei andre bylaga i Møre og Romsdal (Bylag Ålesund, Bylag Molde og Bylag Kristiansund). Fyrst vil det bli spelt enkeltkampar mot desse laga, før ein avsluttar sesongen med bylagsturnering i Sparebanken Møre Arena i ei av dei fyrste helgene i januar. Etter denne turneringa blir det eit uttak av spelarar frå dette årskullet til kretslag G/J 14 år.

Spelarar med eit tydeleg eigarskap til eiga utvikling skal prioriterast inn mot bylaga.

Strategi

Vi ønsker å ha eit godt samarbeid med klubbane på Søre Sunnmøre: Austefjord, Dalsfjord, Bergsøy, Brandal, Flø, Folkestad, Gjerdsvika, Gusken IL, Guskøy IL, Haddal, Hareid, Hasundgot, Hjørungavåg, Hovdebygda, Hødd, Kvamsøy, Larsnes, Larsnes/Gursken, Moltustranda, Mork, Rovde, Sandsøy, Sæbø, Tjørvåg, Vanylvskameratane, Vartdal, Volda, Åheim, Åmdal, Åram, Åram/Vankam FK, Ørsta.

Dette betyr at vi vektlegg god dialog med klubbane og at vi ønskjer å inkludere klubbane i større grad rundt Team Søre-konseptet. I tillegg ønskjer vi å tilby enkelte spelarar ”naboklubbhospitering” – som ein del av å utvikle fleire toppspelarar i regionen.

Rammevilkår

Det definerast ein bylagsansvarleg som har minimum UEFA B-lisens. I 2017 har IL Hødd Fotball gitt ansvaret til Sander Håskjold Nyland og Tarald Laugsand. Desse har det overordna sportslege og administrative ansvaret på Søre Sunnmøre, og skal ha tett dialog med NFF Sunnmøre, sportsleg utviklingsleiar og kretslagstrenarar.

Kontaktinformasjon Sander: sanderhaskjoldnyland@gmail.com.
Kontaktinformasjon Tarald: tarald.laugsand91@gmail.com.

Spelarutvikling

Bylaget – Team Søre – samlar dei ivrigaste og beste spelarane på Søre Sunnmøre. Treningane og kampane er med på å gi spelarane referansar mot dei beste spelarane i fylket. Team Søre er derfor ein fin arena for å påverke spelarar og trenarar i lokalmiljøet, samt få ei oversikt og knytte relasjonar til spennande spelarar i nærområdet. IL Hødd ønskjer ikkje å hente spelarar frå andre klubbar i ein tidleg alder, men vi ønskjer å tilby nokre spelarar i regionen hospitering med våre aldersbestemte lag. Dette for å gje spelarane større utfordringar i kvardagen, og forhåpentlegvis bidra til større og positiv utvikling.

Planlagt aktivitet TS G2004

August

10-13.08 – Talentleiren Ulsteinvik G/J – J02-J03 (kretslag) og G04 + J04 (bylag).

September

5.09 – Bylagssamling Team Søre 2004, Sted: Høddvoll?
17.09 – Bylagssamling Team Søre 2004, Sted: Høddvoll?

Oktober

03.10 - Bylagssamling Team Søre 2004. Sted: Høddvoll?
17.10 - Bylagssamling Team Søre 2004. Sted: Høddvoll?
24.10 - Bylagssamling Team Søre 2004. Sted: Høddvoll?
31.10 - Bylagssamling Team Søre 2004. Sted: Høddvoll?

November

04.11 – Bylagskamp Team Søre (gutter) 2004 mot ??? - Sted: ???.
04.11 – Bylagskamp Team Søre (jenter) 2004 mot ??? - Sted: ???.
07.11 – Bylagssamling Team Søre 2004. Sted: Høddvoll?
14.11 – Bylagssamling Team Søre 2004. Sted: Høddvoll?
21.11 – Bylagskamp Team Søre (gutter) 2004 mot ??? - Sted: ???.
21.11 – Bylagskamp Team Søre (jenter) 2004 mot ??? - Sted: ???.
28.11 – Bylagssamling Team Søre 2004. Sted: Høddvoll?

Desember

02.12 – Bylagskamp Team Søre (gutter) 2004 mot ??? - Sted: ???.
02.12 – Bylagskamp Team Søre (jenter) 2004 mot ??? - Sted: ???.

Annonse fra Obos-ligaen: