Om Høddskulen

Hødd er den tredje klubben som er med på eit slikt prosjekt i Noreg.

Hødd vil utvikle fleire lokale toppspelarar

Hødd tar nå et krafttak for å utvikle fleire lokale spelarar til sitt A-lag. Målet er at nærmare 2/3 av spelarane i A-stallen frå 2020 skal frå klubb eller region. 

– Hødd er ein klubb som har vore flinke til å utvikle spelarar frå klubb og region, men i dag har vi for få lokale spelarar på A-laget. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier styreleiar Håvard Haanes i Hødd Fotball.

Hødd inngikk eit samarbeid med Toppfotballsenteret tidlig i 2016 om det klubben har kalla Prosjekt Toppspelarutvikling. Hensikta med prosjektet er å utvikle fleire lokale spelarar til Hødd sitt A-lag i norsk toppfotball. Med lokale spelarar meiner vi spelarar frå eigen klubb og frå regionen som først og fremst er Søre Sunnmøre.

Høddskulen betyr auka satsing på kvalitet i treningane frå 6 til 19 år. Klubben vil tilsette tre spelarutviklarar som vil hjelpe dagens foreldre-trenarar samt gi eit ekstra treningstilbod til dei spelarane i Hødd og regionen som vil. Hødd vil også saman med naboklubbene og fotballkretsen forsøke å utvikle Team Søre og kretsens bylagsmodell til å bli eit kraftfullt samarbeid om spelarutvikling og toppspelarutvikling.

Det vil bli utarbeida ein «blå tråd» for arbeidet i Høddskulen som skal vere ein steg for steg utviklingstrapp frå dei yngste til dei eldste, ein plan for kva dei ulike aldersgruppene skal lære seg frå trening til trening, frå år til år. I tillegg vil klubbens Toppspelarutviklar plukke ut 4-8 spelarar som har potensiale og følgje opp disse spesielt. 

– Ser vi på Hødd sitt A-lag i 2012 som ble Noregsmeistarar, så var 14 spelarar lokale av ein tropp på 22 spelarar og mange av dei spelte fast på A-laget. I dagens A-stall har vi ti lokale i troppen, men ganske få som spelar fast. Hødd har kompetanse, anlegg og muligheit til å utvikle fleire lokale spelarar, men vi trenger fleire spelararutviklarar og ein rektor på Høddskulen. Derfor søker vi i disse dagar etter fleire som kan jobbe hos oss, seier sportssjef Andre Nevstad. 

Høddskulen er primært for spelarar som vil forsøke å bli spelarar i OBOS-ligaen eller høgare. Hødd er tydelige på at auka satsing på toppspelarutvikling skal skje utan at barnefotballen eller breiddefotballen for gutar eller jenter skal bli skadelidande.

Høddskulen vil gradvis bli implementert frå januar 2017.

Annonse fra Obos-ligaen: