1946-1960

Her kan du lese om Hødd-historia frå 1946-1960.

50-talet

I 1950 spelte Hødd seg opp i Landsdelsserien (nivå 2 etter Hovedserien). Og det neste tiåret markerte klubben seg for alvor i lokal og til dels nasjonal fotball, mellom anna med fleire fine 3.rundekampar mot storlag. Hødd  var også nær opprykk til Hovedserien ved to høve, men tapte kvalifiseringa både i 1952 for Ranheim og i 1959 for Brage. På 50-talet var det ei stabil spelargruppe på A-laget og Ole N.Osnes var trenar/lagleiar  frå 1946-1962. Blant dei meste sentrale spelarane på 50-talet var Ottar Seljeseth, Pella Gjerde, Eivind Ertesvåg, Inge Seljeseth, Leiv Dimmen, Joakim Hofseth, Steinar Hofseth og Sundal-brørne Nils, John og Sindre. Mot slutten av 50-talet kom den neste store Hødd-generasjonen med Kjetil og Hallbjørn Hasund, Kjell Garnes, Tor Meinseth, Maggi Vik, Jon Gjerde, Ove Ringstad med fleire.

Ole N.Osnes var den som innførte five a side og doggisar i Hødd. Han fortalde til Hødd-boka i 1994 at høddbana ofte var som ein steinplatt og at ein difor tok med seg jarnriver før kvar kamp samtidig som det vart grusa med leire. Draktene tok spelarane med seg sjølve til kvar kamp og sko måtte ein skaffe seg sjølve. Om turane til Ålesund fortel Osnes at ein tok med seg seks brødskjever og tok motorbåten. Hødd spanderte litt kaffi og fløyte.

Det var stor fotballinteresse i Ulsteinvik også på 50-talet. Som regel var det rundt 300 tilskodarar på kampane på grusbana, men det kunne også vere opp mot 500. Publikumsrekorden på 1700 kom i ein kamp mot Langevåg i 1951. Langt fleire var det på Aksla stadion i 3.rundekampane Hødd måtte spele fordi dei ikkje hadde grasbane sjølv. Hødd tapte alle desse  kampane, og hadde ingen fordel av å spele på gras. Heller tvert om. Kampane i 3.runde på 50-talet var mot storlag som Larvik Turn, Raufoss, Lillestrøm, Greåker og Gjøvik/Lyn. I tillegg spelte Hødd 2.rundekamp mot Brann i Bergen i 1955 og 3.runde mot Lyn i Oslo i 1963.

På 50-talet var det tre store saker i Hødd i følgje Anton Kleiven som var ein av dei fremste tillitsvalde då. Det var fotball, handballdamene og anlegget.

Annonse: