1931-1945

Her kan du lese om Hødd-historia frå 1931-1945.

30-talet

På 30-talet hadde IL Hødd vorte ein etablert klubb. Ein av dei som var med då var Josef Ulfstein. Han fortalde at dei ofte spelte fotball i friminutta på skulen også: - Vi fann oss ei lyre som vi brukte som ball. På fritida balla vi saman nokre striesekkar og sjølv om ballen ikkje var så veldig rund var det bra nok for oss.

Ole N.Osnes, eller Ola Nilsen som han vart kalla spelte på 30-talet.  Han fortalde at dei trena på tysdagar og torsdagar, og ÅFK og Rollon var dei argaste motstandarane. Osnes hugsa også godt draktene dei hadde på den tida, med raude og blå striper. Etter krigen kom dei blå draktene som kjenneteiknar Hødd den dag i dag.  Formasjonen den tida var 2-3-5 der det viktigaste var å score mål. Forsvarstaktikk var eit framandord den gongen. Den store spelaren på 30-talet var Johannes H. Saunes. I følgje lagkamerat Peder Aarseth var Johs god nok for landslaget dersom han hadde spelt i ein annan klubb enn Hødd. Han var sterk, hadde god teknikk og skaut godt. Håkon Wigg hugsa også godt at Hødd var eit frykta lag på 30-talet. – Når langevågarane skulle til Høddvoll på kamp og gjekk i land på Hareid tok dei alt der til å spørje om han store mørke (Johs H Saunes) skulle spele i dag.

Krigen

Det var naturleg nok laber aktivitet på Høddvoll under krigen. Folk hadde anna å tenke på.

Tre personar frå Hødd fall under krigen. Det var Johan Saunes, Arthur Osnes og Sverre J.Osnes. Inge Seljeseth fortel at dei spelte litt fotball i alle fall fram til 1943 mellom anna spelte dei kampar mot Hareid. Mange av dei som var lovande spelarar før krigen miste mange år på bana og då fotballen starta å rulle igjen i 1946 hadde fleire vorte for gamle.

Etter krigen var det mangel på det meste. Høddpatrioten Erling Bjørndal i New York var heime i Ulsteinvik og han sende Hødd ein sekk med førsteklasses fotballar nokre veker seinare. I følgje Tollkontoret var det fem fotballar og tre par sko i pakken som var taksert til 200 kroner.

Hødd hadde besøk av gode norske lag i åra etter krigen. Frigg var der i 1947 og Sarpsborg året etter. Ein av spelarane på Sarpsborg, Arne Aaserød, likte seg så godt i bygda at han kom tilbake og vart eit par år og spelte for Hødd. I 1949 var det 30-årsjubileum for Hødd og det vart gitt ut eit hefte og det vart arrangert turnering der Ørsta, Langevåg og Nordfjordeid var gjester på Høddvoll.

Annonse: