Baner

Eit moderne anlegg for topp og breidde!

Eit moderne anlegg

Høddvoll er eit moderne anlegg som er tilrettelagt for både topp og breidde. Aktiviteten er stor gjennom heile veka, der både treningar og kampar blir gjennomført av laga i Hødd frå dei minste og opp til A-laget. I tillegg nyttar Ulstein vidaregåande skule anlegget på dagtid. 

Høddvoll

Høddvoll
Høddvoll

Opninga av Høddvoll var offisielt mot Fredrikstad måndag 13.04.2015. 

Høddvoll har ein tilskodarkapasistet på 4081 plassar, der 3081 er siteplassar og 1000 ståplassar. 

Banestørrelsen er 105 x 68 meter.

Publikumsrekorden var mot Brann i OBOS-ligaen i 2015 med 3003 tilskodarar. 

Ulsmohallen

Ulsmohallen
Ulsmohallen

Ulsmohallen sto klar til bruk i april 2007 og er ein innandørs fotballhall med kunstgras og god belysning.

Hallen er 60 x 45 meter.

Ulsmohallen gir stabile og gode forhold til trening gjennom heile året, uansett vér og vind. Dei yngre klassene spelar også kampar i hallen. Både for dei aktive og trenarar har Ulsmohallen gitt eit sportsleg løft.

Høddvoll stadion

Høddvoll stadion
Høddvoll stadion

Høddvoll stadion vart offisielt opna 30. juni 1963, og har med jamne mellomrom blitt modernisert. Tribuneoverbygget kom på plass i 1992, og ståtribuna bygd før Tippeligasesongen i 1995. Den største renoveringa kom i 1999, då det vart lagt nytt grasdekke og tartandekke.

Høddvoll stadion hadde ein tilskodarkapasitet på 4 433, men etter at ståtribuna vart fjerna i forbindelse med bygginga av ny stadion, så er kapasiteten no på 2 600 siteplassar. 

Banestørrelsen er 105 x 67,5 meter.

Publikumsrekorden var mot Vålerenga i kvartfinala i cupen i 1981. Det offisielle talet er 12 300.

Annonse: