AKTUELT
Forside
Trenarkommentar
Spelarkommentar
Sesongkort
Hødd-shop
Scoringsklubben
Grasrotandelen
Linkar
Diskusjonsforum
TOPPFOTBALL
A-stallen
Rekruttstallen
Trenar og støtteapp.
U-GRUPPE
Damelaget 2.div.
Junior 2
G16
J16
G14
J13
G12
J12
G11
J11
G10
J10
J9
G9
J/G 8
Hødd United
HFFO
Informasjon
Spelarutvikling Søre
ANLEGG
Høddvoll Stadion
Ulsmohallen
Kunstgrasbana
Treningsbane gras 2
Høddvollhuset
Sponsor Arena
KLUBBEN
Visjon og verdigrunnlag
Fotballstyret
Sportslig utval
U-gruppeutval
Fakta
Historie
Adelskalender
Marked
Kontakt oss

08.03 - Ronny med i trenarteamet på J19-landslaget


10-nasjonersturnering på La Manga for J19. Keepertrenar for Norge sitt lag er Hødd sin keepertrenar Ronny Osnes, og her skriv han litt frå dette tiltaket.

Kvart år omlag på desse tider arrangerer Norge den såkalla 10-nasjonersturneringa for J19-landslag på La Manga. Dette er ikkje ei turnering der det blir kåra ein vinnar, men snarare ei gjennomkøyring og kampturnering for J19-landslag som skal spele kvalifisering til EM seinare på våren. Kvart landslag spelar 3 kampar mot god motstand og får nokre svar om korleis dei ligg i løypa.

Deltakarnasjonar i år var Danmark, England (regjerande Europamester), Tyskland, Nederland, Sverige, USA (regjernade verdensmester), Finland, Italia, Frankrike og arrangør Norge. Vi spelte sist haust mot England under første runde av kvalifiseringa til EM-sluttspelet, medan vi i andre runde skal spele mot stormakta Tyskland. Derfor unngjekk vi å spele mot desse nasjonane denne gongen, og spelte derfor mot Frankrike, Italia og USA.

Første kamp mot Frankrike enda medtap 1-2 i ein kamp der Norge skapte nok sjansar, men klarte ikkje å "sette" nok av desse. Organiseringa og spelet var ikkje av vanleg standard så tapet var kanskje fortent nok.
Kampen mot Italia var eit steg i rett retning og vart ein tett, jamn og sjansefattig affære som enda 0-0. Sikkert ein typisk 0-0 kamp vil nøytrale tilskuarar seie. Vi testa ut fleire nye spelarar i denne kampen og her starta vi med 5 spelarar som ikkje hadde spelt på J19-nivå før denne turneringa. Fleire av desse gav gode svar og søknadar om å vere med vidare.
Vi avslutta kampane med eit oppgjer mot USA, som alltid har gode lag på dette nivået. Og for første gong vann Norge sitt J19-lag mot amerikanarane. Målet kom allereie etter eit minutts spel på ein corner. Og sidan dødballar er eit av mine delansvarsområder var det svært artig!

Alt i alt var spelarar og støtteapparat nøgde med veka på La Manga, og det hjalp skikkelig med ein real opptur på slutten med siger over USA. Neste tiltak er andre kvalifiseringsrunde i slutten av mars der vi skal måle krefter med Tyskland, Serbia og Polen. Tyskarane blir ei tøff nøtt, men vi har sjølvsagt spionert på dei under La Manga-opphaldet så vi trur det er mogleg å gå vidare til EM-sluttspelet, sjølv om tyskerane er favorittar i vår gruppe.
J19-landslaget består av spelarar hovudsakleg frå Toppserielaga, så det er ingen lokale spelarar med frå vårt fylke. Keeperane som eg følger tett er frå Fløya og Notodden, og begge er spennande spelarar med har gode kvalitetar. Trenarane til dette landslaget er Sunndalingen Jarl Torske som er hovudtrenar, medan tidlegare landslagsspelar Margunn Haugenes er assistent. Svein Maalen er ansvarleg for analyse og gjer ein kjempejobb med spelarane våre på J19. Han arbeider vanlegvis i Rosenborg og gjer analysearbeidet der. Elles i støtteapparatet har vi ein tiltaksleiar (ein slags oppmann, matrialforvaltar og sjef for alt og alle) og fysio. Dette er vanlegvis Johan Sjøberg frå Kongsvinger og Reidun Lauglo frå Trondheim. Heile gjengen er utrulig kjekke å vere saman med og det er i heile tatt utrulig lærerikt å vere med rundt dette landslaget.

Kanskje eg skriv meir ved eit anna høve... :)


Fotballhelsing frå Ronny

<<< Tilbake

Besøk vår generalsponsor Sparebanken Møre
Hovudsponsorar:
Besøk vår hovedsponsor Rolls Royce
Besøk vår hovedsponsor Island Offshore
Besøk vår hovedsponsor Jets
Besøk vår hovedsponsor Kleven Maritime
Besøk vår hovedsponsor Umbro
Besøk vår hovedsponsor Sunnmørsposten
Besøk vår hovedsponsor Ulstein
Samarbeidspartnarar:
Besøk vår samarbeidspartner Tussa
Besøk vår samarbeidspartner Sparmax
Besøk vår samarbeidspartner Quality Hotels - Ulstein
Besøk vår samarbeidspartner Smartprodukter.no
Besøk vår samarbeidspartner Fotballpartner.no

Innholdet på websidene er beskyttet i henhold til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)
digikom web - en smart løsning fra digital kommunikasjon as