

05.02 - Brikkane snart på plass? |
To kampar i Sunnmørshallen i helga. |
|
Det er enno uvisst om Islendingane Magnus Mar Ludviksson og Gudmundur Peturson blir Hødd-spelarar. Begge spelarane var på besøk i Ulsteinvik i midten av januar og gjorde eit godt inntrykk. Som det sto skrevet i Vikebladet denne veka, er fokusen i første omgong å få avklart situasjonen rundt Magnus. Leiinga jobbar for å få ei avklaring i løpet av helga. Også Gudmundur er ein interessant herremann for Hødd og det er framleis dialog med KR Reykjavik. Midtstoppar Thomas Lid Kleppe blir nok Hødd-spelar i 2010. Det som gjenstår er at klubbane blir einige om forholda rundt overgongen. Når det gjeld Kim-Tore Husøy er det ikkje teke noko avgjerd rundt hans situasjon. Meininga er at han blir med Hødd i helgas vinterturnering i Sunnmørshallen og at det blir tatt ei avgjerd i løpet av neste veke. Hødd møter KBK laurdag kl. 12 og enten Byåsen eller SIF på søndag. Vinnaren av turneringa går til finalespel i Lillestrøm siste helga i februar. Frå eigen stall er Sivert H. Nilsen og Ruben Kenneth Brandal tekne opp i stallen, Espen Standal er kjøpt frå AaFK, han har signert ei 3-års kontrakt. |
| <<< Tilbake |












