Velkomen som samarbeidspartnar

Hødd Fotball kan gi eit tilbod til alle bedrifter som ynskjer å bli samarbeidspartnar, uavhengig av størrelse og nivå.

Som samarbeidspartnar blir du ein del av eit stort bedriftsnettverk, som gir gode moglegheiter for relasjonsbygging og profilering saman med Hødd Fotball, både på- og utanom kampdagar.
 

PARTNARNETTVERK

Hødd Fotball har i dag rundt 90 bedrifter som er med som samarbeidspartnarar. Desse er med å støttar både topp- og breiddefotballen i Hødd slik vi kan halde eit høgt aktivitetsnivå for alle vore aktive i klubben.

PARTNARNIVÅ

Hødd Fotball kan tilby fleire samarbeidsnivå som er skreddarsydd for kvar enkelt bedrift sine behov og ynskjer. Frå 2021-sesongen vil vi tilby fem ulike samarbeidsnivå og dei er som følgjer:

Hovudsponsor
Gullpartnar
Sølvpartnar
Bronsepartnar
Hødd-Patriot
 

Vi er opptatt av å bygge gode relasjonar med vore samarbeidspartnarar. Om det er arrangement i tilknytning til kamp eller andre partnarsamlingar gjennom året som klubben arrangerer, så er det viktig å gi vore partnarar ein arena å møtast på og at vi som klubb byggjar gode relasjonar til næringslivet rundt oss. 

På kampdag tilbyr vi VIP som inkluderar kampbillettar og bevertning. Du kan lese meir om dette her!

I tillegg vil det løpet av året bli arrangert ulike partnarsamlingar og eit eksempel på dette kan vere sponsorfrukost.

 

 

 

 

 

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: