1931-1945

Her kan du lese om Hødd-historia frå 1931-1945.

30-talet

På 30-talet hadde IL Hødd vorte ein etablert klubb. Ein av dei som var med då var Josef Ulfstein. Han fortalde at dei ofte spelte fotball i friminutta på skulen også: - Vi fann oss ei lyre som vi brukte som ball. På fritida balla vi saman nokre striesekkar og sjølv om ballen ikkje var så veldig rund var det bra nok for oss.

Ole N.Osnes, eller Ola Nilsen som han vart kalla spelte på 30-talet.  Han fortalde at dei trena på tysdagar og torsdagar, og ÅFK og Rollon var dei argaste motstandarane. Osnes hugsa også godt draktene dei hadde på den tida, med raude og blå striper. Etter krigen kom dei blå draktene som kjenneteiknar Hødd den dag i dag.  Formasjonen den tida var 2-3-5 der det viktigaste var å score mål. Forsvarstaktikk var eit framandord den gongen. Den store spelaren på 30-talet var Johannes H. Saunes. I følgje lagkamerat Peder Aarseth var Johs god nok for landslaget dersom han hadde spelt i ein annan klubb enn Hødd. Han var sterk, hadde god teknikk og skaut godt. Håkon Wigg hugsa også godt at Hødd var eit frykta lag på 30-talet. – Når langevågarane skulle til Høddvoll på kamp og gjekk i land på Hareid tok dei alt der til å spørje om han store mørke (Johs H Saunes) skulle spele i dag.

 

Krigen

Det var naturleg nok laber aktivitet på Høddvoll under krigen. Folk hadde anna å tenke på.

Tre personar frå Hødd fall under krigen. Det var Johan Saunes, Arthur Osnes og Sverre J.Osnes. Inge Seljeseth fortel at dei spelte litt fotball i alle fall fram til 1943 mellom anna spelte dei kampar mot Hareid. Mange av dei som var lovande spelarar før krigen miste mange år på bana og då fotballen starta å rulle igjen i 1946 hadde fleire vorte for gamle.

Etter krigen var det mangel på det meste. Høddpatrioten Erling Bjørndal i New York var heime i Ulsteinvik og han sende Hødd ein sekk med førsteklasses fotballar nokre veker seinare. I følgje Tollkontoret var det fem fotballar og tre par sko i pakken som var taksert til 200 kroner.

Hødd hadde besøk av gode norske lag i åra etter krigen. Frigg var der i 1947 og Sarpsborg året etter. Ein av spelarane på Sarpsborg, Arne Aaserød, likte seg så godt i bygda at han kom tilbake og vart eit par år og spelte for Hødd. I 1949 var det 30-årsjubileum for Hødd og det vart gitt ut eit hefte og det vart arrangert turnering der Ørsta, Langevåg og Nordfjordeid var gjester på Høddvoll.

Aslak Falch
Siste nytt
Video frå La Manga
Sjå videoar frå La Manga som Geir Hansen har lagt ut!
Nye Høddvoll
Siste nytt
Galleri: bakveggen på stå og mediabua
Sjå bilder av bakveggen på ståtribuna og frå mediabua.
Klubbdommarkurs
Siste nytt
42 på klubbdommarkurs
Heile 42 ungdommar møtte på klubbdommarkurs på Høddvoll.
Kjetil Sundal
Siste nytt
Hødd søkjer 10 nye vakter
Med større stadion og fleire inngongar enn før har vi behov for 10 nye vakter.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Video frå La Manga

Galleri: bakveggen på stå og ...

42 på klubbdommarkurs

Hødd søkjer 10 nye vakter

Notisar frå Høddvoll

Hødd-Bærum blir streama

Mest lest
Ullensaker/Kisa - Hødd 1-1
Ullensaker/Kisa og Hødd spelte i kveld ...

Kampar

Sjå alle
  • Treningskamp

    borte, 09 mars 2015 - 15:00

    Hønefoss

    4d 2:08:15

    Hønefoss
  • Treningskamp

    hjemme, 20 mars 2015 - 18:00

    Hødd

    15d 5:08:15

    Hødd
  • Treningskamp

    borte, 24 mars 2015 - 18:00

    Molde

    19d 5:08:15

    Molde
  • Treningskamp

    hjemme, 31 mars 2015 - 17:00

    Hødd

    26d 3:08:15

    Hødd
  • OBOS-ligaen

    borte, 06 april 2015 - 17:00

    Strømmen

    32d 3:08:15

    Strømmen
  • OBOS-ligaen

    hjemme, 13 april 2015 - 19:00

    Hødd

    39d 5:08:15

    Hødd
  • OBOS-ligaen

    borte, 28 september 2014 - 18:00

    Hønefoss

    1

    -

    Hønefoss

    4

  • OBOS-ligaen

    borte, 05 oktober 2014 - 18:00

    Alta

    1

    -

    Alta

    1

  • OBOS-ligaen

    hjemme, 19 oktober 2014 - 15:00

    Hødd

    4

    -

    Hødd

    2

  • OBOS-ligaen

    borte, 26 oktober 2014 - 13:00

    Kristiansund

    0

    -

    Kristiansund

    4

  • OBOS-ligaen

    hjemme, 02 november 2014 - 12:00

    Hødd

    0

    -

    Hødd

    3

  • Treningskamp

    borte, 08 februar 2015 - 15:00

    Sogndal

    0

    -

    Sogndal

    2

Partnere

Generalsponsor

Sparebanken Møre